Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Den vantande samklangen

Casper André Lugg skriv lyrikk med både stoff- og biletkraft.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Casper André Lugg har gjeve ut fem diktsamlingar.

Foto: Tiden Norsk Forlag

2602
20180921
2602
20180921

Dikt

Casper André Lugg:

Tilgi det virkeliges blomstring

Tiden Norsk Forlag

I den femte diktboka til Casper André Lugg, med den fine, men kanskje også litt gamalmodige tittelen Tilgi det virkeliges blomstring, er det menneskets manglande samsvar med verda som vert sett i søkjelyset. Menneskelagnaden er problematisk, når det må «være i verden og ikke av verden», som det heiter i avslutningslina i boka.

Økopoesien peikar òg på eit manglande samsvar mellom menneskas industrielle og teknologiske utvikling og øydelegginga av omverda. Sjølv om det finst ei tilsvarande rørsle i Luggs lyrikk, kastar han òg lesaren inn i ein religiøs samanheng der mennesket har opphav og heimstamn utanfor verda. Noko som igjen kan sjåast på som årsaka til det uavklara tilhøvet mennesket har til naturen. Samstundes verkar dikta å søkje mot mystikken, til ein eg-laus veretilstand: «jeg hegner om smerten i å være / ved sentrum av noe utenfor meg selv».

Samanstillingar

Dikta er ordna i ti såkalla samanstillingar, eit uttrykk for at noko som ikkje høyrer saman, vert plassert saman. Den skarpe åtskiljinga finst i bøna, i diktet og i skrifta, fordi dei hermar verda og inkorporerer ei anna verd, men likevel finst det i desse litterære formene ei sans for det røynlege: «det er lytt mellom diktet og verden». Og ein skal, slik tittelen på boka seier, tilgi, bere over med den vantande samklangen.

I dette spennet faldar Casper André Luggs bilete og stuttforma dikt seg ut. Verdsfornektinga blir sett på prøve, slik Orfeus gjorde då han på vegen opp frå dødsriket, trass alle åtvaringar, snudde seg mot Eurydike, slik at ho atter måtte returnere til dødsriket: «jeget vikles inn i verden / som rester av gress og løv i en lys ulltråd». Diktspråket har den eigenskapen at det i biletspråket sitt vender seg mot og syner til verda: «jeg våkner i din stemme».

Suggererande bilete

Lugg er ein ung, dyktig lyrikar som både tenkjer og skapar suggererande bilete, med eit undertrykk av eksistensielt alvor. Nokre få dikt fell gjennom, dei blir oppstilling av tankar, forkynningar og forklaringar som fortel korleis det eigentleg heng saman. Då plasserer dikta seg litt utanfor det syngjande språket som forvillar seg i fascinerande bilete. Lyrikken til Lugg er så mykje betre når ein får servert bilete som held fram med å verke etterpå, utanfor diktet: «hånden gror i et erme av lys».

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Lugg er ein ung, dyktig lyrikar som både tenkjer og skapar suggererande bilete.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis