Det som ikkje passar seg
Anna Bache-Wiig skildrar kvinneliv i etterkrigstiåra presist og levande.
Anna Bache-Wig er utdanna skodespelar og debuterte som forfattar med ein roman i 2003.
Foto: Marit Anna Evanger
Roman
Anna Bache-Wiig:
Til våren
Tiden
For oss som har foreldre som vart fødde i åra opp mot den andre verdskrigen, er det mykje å kjenne att og fryde seg over i den nye romanen til Anna Bache-Wiig. Boka kan lesast som ei innstendig påminning om kor mykje som i løpet av berre éin til to generasjonar endra seg enormt til det betre for halvparten av menneskeslekta.
Hardt tilkjempa strukturelle rettar, rett og slett eit kulturelt og politisk paradigmeskifte, som no står under press i mange land i den vestlege verda. Av den grunn kjennest romanen viktig nok.
Til våren er ei brei og realistisk skildring av tre generasjonar kvinner. Bache-Wiig er særs dyktig på tidsriktige detaljar i alt frå klesmote til interiør. Også forsiktig innslag av dialekt bidreg til ei levande og rik skildring.
Me skal til ein av stadene i Noreg som er vende mot det vidopne havet. Innbyggarane held seg like fullt i det tronge, med skrivne bibelord og uskrivne reglar for takt og tone. I sentrum for handlinga står Ingrid Abrahamsen, 20 år i 1945. Ho er hovudperson og katalysator for forandringane som blæs innover kysten i tiåra etter krigen. Dei dundrar like hardt mot tradisjonane som dønningane slår mot Lista fyr, men møter like sterke motkrefter i bygdedyr og jantelov.
Fred og nye sjansar
I fredsvåren kjennest det for Ingrid som om livet byrjar på nytt og alle moglege vegar ligg vidopne. Ho har vore flink på skulen. Krigen førte likevel til at retninga som peika mot realskule og kanskje til og med artium, blei broten. No er ho forlova med Frimann, ein ung og forelska entreprenør.
Ingrid er sjølv glad i Frimann, men lengtar mest etter å ta opp att skulegangen. Difor trassar ho skam og folkesnakk, ho er langt eldre enn dei andre elevane, og set seg på skulebenken att. Nettopp dette «snakket» er eit gjennomgangstema. Gong på gong gjennom boka les vi korleis frasen «det kan bli snakk» legg eit giftig teppe over tilløpa til opprør og frigjering.
Same haust som Ingrid går i gang med pugginga, blir ho gravid. Ho og Frimann gifter seg. Retninga for livet synest staka ut. For dei aller fleste i hennar miljø er dette slik det skal vere. Romanen følgjer Ingrids liv vidare dei neste tiåra. Tilløpa hennar mot utbrot og frigjering blir slått tilbake av bygdesnakket – men også av Ingrids eigen tvil og manglande mot.
Ho blir hos familien, som husmor. Når Ingrid seinare erfarer opprørstrongen hos si eiga dotter, møter ho Solveig med same innskrenkande haldning som ho sjølv vart slått ned med. Stemma til bygda er blitt internalisert i Ingrid sjølv. Det er nedslåande.
Kontrastfylte venner
Ingrid har to venninner som kontrasterer kvarandre: Tove og Gunvor. Den siste er talerøyr for bygda og tradisjonane. Tove er utbrytaren som vart gravid med ein tyskar og utstøytt, men som trassa seg på beina og fann sin eigen veg. Ingrid står imellom, beundrar Tove og irriterer seg mektig over Gunvor. Når det kjem til stykket, ved korsvegane, vel ho likevel tryggleiken. Det heile er godt sett og godt fortalt.
Til slutt ei lita innvending. Heilt i byrjinga av romanen er det innslag av eit anna blikk på tida og karakterane. Her står forteljaren litt på utsida og kommenterer handlinga frå ein meir notidig ståstad. Lesaren blir på den måten ført inn i Ingrids verd med eit dobbelt perspektiv. Dette er gjort nennsamt og elegant, tykkjer eg. Kvifor legg Bache-Wiig dette heilt til sides? Eg tykkjer ho kunne halde fram med det, helst på same forsiktige vis. Det ville ha gitt romanen ein ekstra dimensjon og gjort han endå meir interessant.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det heile er godt sett og godt fortalt.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.