Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2728
20180601
2728
20180601

Dora Garcia, Love Comes From The Most Unexpected Places

Trondheim Kunstmuseum, Bispegata

26. mai–16. september 2018

Spanske Dora García stiller spørsmål ved om kunst kan samanliknast med kjærleik. Mange av tilnærmingane til temaet er overraskande. I tillegg til å sjå filmar i museet, kan du fram til midten av september møte på fire sjarmerande og hjelpsame menn som vandrar ikring i byen. Verket er basert på ein spionstrategi som var nytta av DDR under den kalde krigen, der sjarm var eit viktig verkemiddel for å lokke løyndommar ut av innbyggjarane.

Av filmane vil eg særleg framheve The Joycean Society. I filmen vert vi kjende med ei av lesegruppene ved Zürich James Joyce Foundation. Gruppa har granska boka Finnegans Wake (1939) av James Joyce kvar veke gjennom 30 år.

Også vist ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Pariserne

Lillehammer Kunstmuseum

26. mai–30. september

I åra 1908–11 var eit tjuetals norske kunstnarar elevar hos målaren Henri Matisse i Paris. Då dei kom heim att, var det i starten stor motstand mot den ekspressive, fargesterke stilen dei hadde lagt seg til. Men skepsisen vart gradvis erstatta med begeistring. Utstillinga tek føre seg dei mest sentrale av dei såkalla Matisse-elevane: Jean Heiberg, Henrik Sørensen, Per Krohg og Axel Revold. Dei kom til å dominere norsk kunstliv gjennom fleire tiår. Utstillinga «Pariserne» femner over meir enn 150 måleri, mange er ikkje tidlegare vist i Noreg.

Og jeg skal ta deg med
til Paradiset

Kunstmuseet KUBE, Ålesund

4. mai–30. desember

14 verk av norske og internasjonale kunstnarar tek på forskjellig vis opp eit dagsaktuelt samfunnstrekk: religion og martyrrolla. Kuratorane har spurt seg kvifor nokon vel å ta sitt eige liv, og ta andre med seg, for ei sak dei trur på.

Verka tilbyr ulike perspektiv på historiske hendingar og etablerte framstillingar, i tillegg til arbeid som spenner frå direkte ytringar til meir poetiske skildringar av paradiset.

Contemporary Chaos

Vestfossen Kunstlaboratorium

5. mai– 2. august og 18. august– 23. september

60 kunstnarar frå fire kontinent vert presenterte over fire etasjar i den tidlegare papir- og cellulosefabrikken på Vestfossen. Verka viser det store mangfaldet i samtidskunsten i uttrykk så vel som i val av medium: måleri, foto, video, performance og digre installasjonar.

Sverige

A Grin Without a Cat, Borås Internationella
Skulpturbiennal 2018

Borås Konstmuseum, Sverige

26. mai–3. september

Verk av kunstnarar frå ni ulike land stiller ut skulpturelle arbeid i museet, så vel som ute i byrommet. Tittelen viser til det surrealistiske universet frå «Alice i eventyrland». Her møter vi former som lurer auget og gjenstandar vi kjenner att frå kvardagen, men som vert viste fram på uventa vis.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis