Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Dronning Ingerid fram frå skuggane

Dei med interesse for norsk mellomalder bør få med seg dette landet som lurar bak våpengnyet og dei kjappe replikkane i sagaene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mona Ringvej er historikar, redaktør og forfattar.

Foto: Marthe R. Bull

5198
20221209
5198
20221209

Sakprosa

Mona Ringvej:

Dronning Ingerids land

Spartacus Forlag

Dronning Ingerids land? Ved fyrste augekast er tittelen på boka merkeleg. Ingerid Ragnvaldsdotter var barnebarnet til den svenske kongen Inge Stenkilsson. I 1134 gifta ho seg med Harald Gille, ein av dei norske kongane den gongen, men han vart drepen berre to år seinare, og såleis var ikkje Ingerid mykje til dronning og Noreg ikkje hennar land. Det står då heller ikkje mange setningane om Ingerid i sagaene. Men både i Heimskringla og i Morkinskinna kjem det nokre drypp med informasjon som tyder på at ho hadde ei politisk rolle.

Mona Ringvejs bragd er å skrive fram eit nytt land for lesaren med utgangspunkt i desse dryppa, ikkje som fiksjon, men som kjeldenære fakta. Gjennom Ringvejs snirklete, gjentakande, suggerande skrivemåte stig det fram eit rikare og meir interessant samfunn frå mellom linene i sagaene og krønikene. Og eg trur faktisk det var dette «andre» landet Ingerid levde i, og at ho der hadde ei hovudrolle nær kongemakta i over 30 år.

Politisk brikke

Som ungjente rømde Ingerid frå den fyrste ektemannen sin, den danske kongearvingen Henrik Skadelår. Kjeldene skildrar henne i knappe, fragmentariske ordelag. Ringvejs metode for å gje eit rikare bilete av livet er like genial som enkel: Ho senkar tempoet, lagar små tablå der sagaene og krønikene set punktum, og med utgangspunkt i desse målar ho fram kulturhistoria hendingane høyrer heime i: Eit segl som blafrar i vinden, vert til hundrevis av timar i vevstovene, eit laust sitat vert til ein biskop med grammatiske særtrekk og dristige planar.

Giftarmålet til Ingerid tek fleire år frå trulovinga til ekteskapet – kvinner som ho er politiske brikker av gull, ho vert lova bort som tolvåring, men på grunn av risikoen for barseldøden vert ikkje ekteskapet fullbyrda før ho er 17. Ingerid hatar Henrik Skadelår, men føder han likevel ein son annakvart år, i alt fire stykke før ektemannen stuper i eit slag i 1134.

Løynde nettverk

Enka Ingerid gifter seg snart med Harald Gille, den irskfødde sonen til Magnus Berrføtt. Me følgjer dei to på eit skip frå Danmark til Bergen. Samstundes får lesaren auge på prosjektet i boka: Forfattaren skal bruke metoden sin til å veve fram dei løynda nettverka i Noreg under borgarkrigane på 1100-talet. Den rike utgreiinga av ekteskapet, medgifta og arvereglane peiker på at Ingerid var ei rik enke med sjølvråderett over ekteskapet då ho gifta seg med Harald Gille.

Sonen deira får namnet Inge etter den svenske bestefaren til Ingerid, historieinteresserte kjenner han som Inge Krokrygg. Etter at Harald Gille vert slakta i ei frilleseng i Bergen, er det Ingerid som får lendmennene til straks å hylle sonen Inge i Viken og Harald Gilles frilleson Sigurd Munn i Trøndelag. Sagaene fortel korleis desse smågutane, berre tre og fem år gamle, styrer landet; dei skriv brev til kvarandre og kjem fram til strategiske løysingar.

Men Ringvej syner oss kven som er dei eigentlege aktørane kvar gong Snorre Sturluson skriv «konge». Bak Sigurd Munn står mellom andre lendmannen Ottar Birting. Bak kong Inge nokre stormenn i Viken. Og mora Ingerid. Ho giftar seg med Ottar Birting. Samstundes vert krigarane til kongane slått saman til ei hird. Nokre menn og ei kvinne trekkjer i trådane. Det vert fred. Dei byggjer landet.

Målande metode

Den langsamt målande metoden i boka gjer at det er mykje eg ser med betre auge. Eg forstår at det ligg år med planlegging, brevskriving og reising, pluss bygging av kyrkjer og kloster, bak sagasetninga om at det kjem ein delegat frå paven til landet. Eg ser at etter 1135 knytte kongemakta seg nærare og nærare til kyrkja i England og Roma, heilt fram til opprettinga av erkebispedømet i Nidaros. Så kjem det langsame arbeidet med å få til ei tronfølgjelov i samarbeid med kyrkja, ei lov som seier at kongsemne fødde i eit ekteskap har forrang til trona. Tidlegare brydde ikkje mange seg om kven mora til kongen var.

Då kong Inge Krokrygg døyr i eit slag ute på isen i Oslo, kjem forslaget om at arverekka til kongane kan gå gjennom ei kvinne, frå Kristin, dottera til Sigurd Jorsalfare, til sonen hennar, Magnus Erlingsson. Sagaen legg orda til denne radikale «feministiske» løysinga i munnen til lendmannen Arne frå Stårheim. Den fjerde ektemannen til Ingerid.

Dei med interesse for norsk mellomalder bør få med seg dette landet som lurar bak våpengnyet og dei kjappe replikkane i sagaene, der mektige lendmenn styrer kongen, kongane og lendmennene døyr, der dei lange linene og alliansane gjennom slekt og eigedomar likevel vert vidareførte, i tiår etter tiår.

Kva skjuler seg eigentleg bak ordet «lendmennene»? Berre éin person sirklar kring makta heile vegen. Ringvej skriv henne fram frå skuggane. Mot slutten ser me dronning Ingerid der inne i katedralen i Nidaros under kroninga av Magnus Erlingsson i 1163, og det endå Ringvej understrekar at me ikkje eingong veit om ho var til stades.

Kven treng vel romanar med slik sakprosa?

Øystein Morten

Øystein Morten er forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis