Dusinvare frå dopverda
Truverdig nok, men Beautiful Boy er eit føreseieleg og kalkulert drama.
Forholdet mellom Nic (Chalamet) og faren David (Carell) er godt, men sonen slit likevel.
Foto: Ruben Impens
Drama
Regi: Felix van
Groeningen
Beautiful Boy
Med: Steve Carell, Timothée Chalamet, Maura Tierney
Far–son-forholdet kunne knapt vore betre mellom David (Carell) og Nic (Chalamet), og oppvekstvilkåra med journalistfar og høg kulturell kapital i tillegg til trygt middelklassetilvære, burde sikra ein bra overgang til vaksenlivet. Foreldra er skilde, men Karen (Tierney) er på ingen måte noka slem stemor, tvert imot. Likevel slit Nic med narkotikamisbruk. Om det høyrest ut som noko du har høyrt før, så kan eg forsikra deg om at det har du rett i.
Dopingkontroll
Eg seier ikkje at ein skal slutta å laga tåredryppande filmar om stoffmisbruk, men skal det verkeleg vera nødvendig å leggja så lite nyskaping i det? Beautiful Boy er basert på den bestseljande boka til New York Times-journalist David Sheff og sonen Nic. Såleis kan ein jo ikkje seia at røynda er betre enn fiksjonen (eller verre), men må ein laga film av alt som putrar opp i grinegryta?
Sjølvsagt er det utruleg trist når eit ungt, fint menneske (eller ein nydeleg gut, som tittelen kan fortelja oss) hamnar i uføret, men det endar svimlande fort på klisjéhylla saman med ein haug andre døme heilt tilbake til filmens oppstart: frå dei triste lagnadene i opiumsbulene til vår eigen Himmel og helvete (Victor Borg og Øyvind Vennerød sitt (u)dødelege dopdrama frå 1969). Det er tydelegvis berre heilt uimotståeleg, og eg mistenkjer at den belgiske regissøren Felix van Groeningen hoppar på tårebåten for å få eit innpass i den glitrande filmbransjen over Atlanteren.
Opplagt
No er ikkje van Groeningen heilt ukjent med substanstemaet eller dramasjangeren frå før, med Belgica (2016) og ikkje minst hjarteflengande triste Alabama & Monroe (2014). Når eg no ser kva han gjer med Beautiful Boy, tenkjer eg dei to før nemnde filmane i stor grad blir redda bra av det dei får gratis ved at språket er flamsk og skodespelarane er salig lite oppbrukte, sett med norske auge. Som med dei andre filmane er filmmusikken viktig, men å bruka Massive Attack og Sigur Rós blir i overkant ladd. Det kjennest gjennomskodeleg og kalkulert, som med resten av filmen.
Med springande personfokus får eg kjensla av å bli mata med teskei, som at det sonen Nic kjem med, eigentleg kunne vore utelate, at det eigentleg var meininga at dette var farens historie. Denne blandinga av synsvinklar bidreg til ei kjensle av at filmen er meint som ein god, gamaldags skremselsplakat for unge, privilegerte menneske som enno kan bli redda frå den farlege, men fjerne dopverda.
Det er ikkje det at eg ikkje trur på det som skjer, det er berre at det er så drøvtygd at det glir rett gjennom systemet utan å røra ved ei einaste nervecelle. Og der skal eg stoppa metaforen før han blir for innlysande.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.