Iren Mike McCormack vinn gjæv bokpris
Foto: Astrid Eriksson Tropp / wiki commons
Edda fer heim
Teaterstykket Edda gjestar Island. Sundag 17. juni og måndag 18. juni spelar den moderne tolkinga av den norrøne mytologien under Reykjavik Arts festival, heiter det i ei pressemelding frå Det Norske Teatret.
Stykket av Robert Wilson, basert på Jon Fosses adapsjon av Edda, gjorde suksess i Oslo. Framsyninga hausta kritikkar etter premieren våren 2017 og vart heidra med Heddaprisen for særleg kunstnarleg innsats og beste scene-/kostymedesign. Edda har alt vorte sett opp i Århus i Danmark.
Pris til Mike McCormack
Mike McCormack har vunne The International Dublin Literary Award. Han får 100.000 euro (om lag ein million kroner) for romanen Solar Bones. Mange gjæve forfattarar var nominerte, mellom andre vår eigen Roy Jacobsen, men prisen gjekk altså til ein heimleg favoritt.
Solar Bones er ikkje for småborn, handlinga går føre seg på Alle sjelers dag og fortel om skrømt som kjem attende. «Romanen er skriven i éi enkelt setning som flyt over 270 sider, med ei handling som spenner over éin enkelt dag», skriv juryen.
Apple Books
iBooks høyrer til fortida, for til hausten blir Apple Book lansert. Som det går fram av namnet, er det Apple som står bak oppfinninga. Det er tale om ei ny iOS-oppdatering for iPhone- og iPad-brukarar. Til skilnad frå iBooks vil Apple Book kunne tilby ljodbøker. iOS 12, som er det tekniske namnet på Apple Book, blir ein del av Apples standardoppsett.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Edda fer heim
Teaterstykket Edda gjestar Island. Sundag 17. juni og måndag 18. juni spelar den moderne tolkinga av den norrøne mytologien under Reykjavik Arts festival, heiter det i ei pressemelding frå Det Norske Teatret.
Stykket av Robert Wilson, basert på Jon Fosses adapsjon av Edda, gjorde suksess i Oslo. Framsyninga hausta kritikkar etter premieren våren 2017 og vart heidra med Heddaprisen for særleg kunstnarleg innsats og beste scene-/kostymedesign. Edda har alt vorte sett opp i Århus i Danmark.
Pris til Mike McCormack
Mike McCormack har vunne The International Dublin Literary Award. Han får 100.000 euro (om lag ein million kroner) for romanen Solar Bones. Mange gjæve forfattarar var nominerte, mellom andre vår eigen Roy Jacobsen, men prisen gjekk altså til ein heimleg favoritt.
Solar Bones er ikkje for småborn, handlinga går føre seg på Alle sjelers dag og fortel om skrømt som kjem attende. «Romanen er skriven i éi enkelt setning som flyt over 270 sider, med ei handling som spenner over éin enkelt dag», skriv juryen.
Apple Books
iBooks høyrer til fortida, for til hausten blir Apple Book lansert. Som det går fram av namnet, er det Apple som står bak oppfinninga. Det er tale om ei ny iOS-oppdatering for iPhone- og iPad-brukarar. Til skilnad frå iBooks vil Apple Book kunne tilby ljodbøker. iOS 12, som er det tekniske namnet på Apple Book, blir ein del av Apples standardoppsett.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.