JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Eigenmelding ved 80

Å arbeide med ord er smedarbeid. Smeden skyv ord inn i essa, gløder dei, smir dei til språkgull.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjartan Fløgstad fylte 80 år 7. juni.

Kjartan Fløgstad fylte 80 år 7. juni.

Foto: Julie Pike

Kjartan Fløgstad fylte 80 år 7. juni.

Kjartan Fløgstad fylte 80 år 7. juni.

Foto: Julie Pike

5583
20240628
5583
20240628

Jubileumsbok

Kjartan Fløgstad:

Skriftarbeid. Artiklar i utval

Gyldendal

Kjartan Fløgstad er 80 år. I snart 60 av dei forfattar, og utan statleg støtte, som han sjølv skryter litt av. Jubilanten har fått mange utmerkingar, om ikkje med eikelauv, så med stempel, vimpel, buskspel og latter, frå mange av oss i folkedjupet. Virtuost har det vore, ikkje minst romanforfattarskapen. Arbeidarklasse-solidarisert tenking artikulert av ein ordekvilibrist.

Han trykte ein gong «Plan for døgn- og heilkontinuerleg skiftarbeid» i ei novellesamling. Det var forresten frå den novellesamlinga, etter novella «Riksvegen vestover», eg melde overgang frå Louis Masterson til K. Fløgstad.

«Han har hatt begge beina på venstresida og alltid ein finger med i spelet, vår Fløgstad.»

Sidan har han gått sine skift, skrive for lek og lærd, vore høgt og lågt, og snudd under opp, som betyr å vende emnet opp ned. Her og der synt fram sprekkar i monolitten.

Jubileumsboka Skriftarbeid. Artiklar i utval, er vigd dei siste 25 åra av sakprosaforfattarskapen, og dermed tida frå han var 55 til no, tekstar med erfaring. Det er betalt skrift, i høve dette og hint, artiklar, essay, bokmeldingar, for- og etterord i andre sine bøker, talar, debattinnlegg, ord til utstillingsopningar, i festskrift. Her er og dikt og nekrologar, minneord i ei gravferd, ei omsetjing, ein lyrisk prolog. I alt 83 tekstar presenterer boka oss for, inkludert forfattarens eiga innleiing og sluttord, som klart må reknast med. Når det er så nær, spør eg: Kvifor ikkje 80? Det ville vore lett luking.

kvart latino

Han har hatt begge beina på venstresida og alltid ein finger med i spelet, vår Fløgstad. Kven har ei setning frå Kapitalen som epigraf i ei bok i dag? Men han hadde det, i Pampa Unión i 1994, reiser i Latin-Amerika, den andre heimen hans. Det er 30 år sidan og kjennest som eit halvt liv: «Arbeidet til den fattige er gruva til den rike.» Han gjentek denne setninga til Marx i den nye boka, i essayet «Kiruna kollaps» frå 2013.

Og i «Maskinen i ånda» frå 1998 les vi at Kapitalen er «det mest verdifulle politiske skriftet i moderne tid».

Ein tekst som skal seie noko om verda, kan vere sann eller falsk, kan innehalde feil eller vere sann klokskap.

Verten fører ordet

Jubilanten miksar sol og vind. Menneske i kunst og litteratur blir prist, med Rabelais og Bakhtin fremst. Andre, ja, Fløgstad kan òg vere infam. Bidraget i festskriftet til Dag Solstad på kollegaens 80-årsdag for tre år sidan blir trykt her, det var nesten å sleppe ein trojansk hest innanfor festskriftpermane, om orda bit for bit er aldri så sanne – men i eit festskrift! Mellom nasegrus beundring og intellektuelt sjølvskryt kom Fløgstad med «Helsing frå dei små Antillar» til maoisten Solstad, som alle freistar slutte å hugse.

Ved dagens runding lèt forlaget jubilanten føre ordet åleine.

Er det blitt ei litt slapp samling? Det kjem an på auga som ser. Men utilgiveleg er det når forlaget ikkje gjer såpass språkvask at dei lukar ut at same vesle historia er presentert to gonger, i to ulike samanhengar. Det er historia om Einar Gerhardsen og vennen Amund Myhre, som emigrert i 1922 til Sovjetunionen og aldri kom tilbake, og som Gerhardsen på besøk der i 1978 var rett ved og håpa å få møte, men så kom ikkje Myhre. Den finst både i «Ein sprekk i monolitten» og i «Radio Bislet».

Det kan vere lett å gjenta gode poeng. Det skjer eit par andre plassar òg. Essaya er elles sylkvasse etter vanleg merke, debattane kjenner vi, det arge slaget om æresrettssaka i forfattarforeininga, som han melde seg ut av. Debatten om essaysamlinga «Etter i saumane», hans sluttreplikkar der. Fløgstad vil gjerne ha siste ord også her, på 80-årsdagen.

Krigsskyer

Med sluttordet «Følgeskadar av nyliberalisme og krig», og setninga «no er hausten kommen til Europa», gjentatt tre gonger, rundar han av boka med at vi er ikkje skuldlause, enda om vi heiar på Ukraina. Demarkasjonslina trekker han slik:

«Etter det russiske overfallet på Ukraina kan vi gjerne seia at vi alle er ukrainarar. Med like god grunn må vi samtidig slå fast at vi er alle russarar.» For i auga til resten av verda er vi like ille: «I Ukraina sender Vesten våpen til den angripne, i Palestina sender Vesten våpen til angriparen. For palestinarar, jemenittar, panamenuyos, serbarar, libyarar, afghanarar er vi alle russarar.» Framtidsanalysen er mørk: «Putins sjølvskading har ført vestleg militærmakt fram til utkanten av Petersburg.»

Finst så lyspunkt? På merkeleg vis les Fløgstad ut av tilstanden i dag eitt – og her er nok grunnlag for debatt – for den fredselskande vil eg også seie frykt: «Det måtte vera at folkekrigen nyttar! Frå Cuba, Vietnam, Afghanistan til Ukraina i dag viser det seg at eit folk som kjempar for sjølvstyre, er eit (sic) mektig kraft.»

Songar mellom permar

Dette er Kjartan Fløgstads 56. utgjeving. Nr. 55 og 56. For det er to bøker her, til jubileet, ikkje mindre. I tillegg til Skriftarbeid kjem Dansen med orda, songar tonesette i ymse samanhengar. Det er ikkje mange arbeidardiktarar, andre enn Kristofer Uppdal, som har hatt det med å plassere dikt inne i prosaen sin. Uppdal skreiv varige dikt. Men han kom aldri på scena.

Det gjorde Fløgstad og er blitt omtykt der òg, seiest det, sitert på Instagram og sunge på festar og i gode lag. «Skipsekspedisjonen» er alt ein vestlandsk klassikar, og sluttstrofa «Livet er ein gamp i sivet» eit munnhell. At dikta blir varige, kan framtida vise.

Arild Bye

Arild Bye er journalist og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis