Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Ein bibel for fjortisar

Dersom Bibelen 2020 skal vera den offisielle danske Bibelen, er premissane galne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Me har ofte gløymt at Bibelen har sin eigenlege stad i gudstenesta, skriv Kjell Arild Pollestad.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

5119
20201113
5119
20201113

Religion

Bibelen 2020

Bibelselskabet, København

Bibelen 2020, heiter den nye danske Bibelen, som har sendt sjokkbylgjer heilt inn i vår heimlege Israelsmisjon – ikkje minst av di namnet Israel er unemnt i «Den nye aftale», som er det nye namnet på Nytestamentet.

Birgitte Stoklund Larsen, som har leia arbeidet, seier i eit særs velskrive etterord at «(...) dette er en kommunikativ oversættelse; det betyder, at der er lagt vægt på, at det er en tekst, der skal nå sin læser. Det er meningen, der gengives, snarere end bestemte udtryk og billeder: Her spænder folk ikke bæltet op om lenden, men gør sig klar.»

Forenkling

Idealet var i utgangspunktet at teksten skulle kunna lesast av fjorten år gamle gutar, som oftast har langt færre ord å rutta med enn jenter. Difor står det i Bergpreika korkje «sæle» eller «lukkelege», men «I er heldige, hvis I sørger, for I vil blive trøstet».

Johannes-evangeliet byrjar ikkje med at «i opphavet var Ordet»; her heiter det: «Alting begynte med, at Gud talte.» Meininga er den same, men orda er andre. Det er dette som vert kalla idiomatisk omsetjing, og som ogso det norske Bibelselskapet i stor grad har nytta seg av, endå meir i omsetjinga frå 1978–85 enn i den nye frå 2011. Men inga omsetjing eg kjenner, har gått so langt i den lei som den nye danske.

«Fadervår» er eit godt døme: «Far i himlen! Lad alle forstå, at du er Gud, lad dit kongerige blive til virkelighed, og alting blive, som du vil have det – her på jorden, ligesom det allerede er i himlen. Giv os det brød, vi har brug for i dag. Tilgiv os det, vi har gjort forkert, ligesom vi har tilgivet andre. Lad være med at sette os på prøve, og befri os fra ondskabens magt.»

Danskane har det språkleg lettare enn oss; dei har eit språk det ikkje står strid om. Sjølv om ordtilfanget er gjort mindre, er språket framleis eit vakkert dansk skriftmål, der ogso det poetiske kjem til sin rett: «Du har brudt aftalen med David,/ smidt hans krone i skidtet./ Du har banket hul i hans bymur,/ lagt hans borg i ruiner» (Sal 89, 40–41). Og sjølv om Paulus talar som ein skulemeister frå Sjælland, er det både kraft og glød i breva hans. Eg las Romarbrevet og tenkte: Det er andre ord, men det er same teksten, og aldri har Paulus vore so «nærgåande».

«Kvinnebibel»

Bibelen 2020 er på sitt vis ein «kvinnebibel», for av omsetjarane er dei fleste kvinner, og det same er leiinga i Bibelselskabet. Dei har omsorg for at alle skal forstå. Dei har sjølv skjøna teksten so langt han lèt seg skjøna, og vist både fantasi og litterært talent for å uttrykkja han på notidsmålet. Dei har hatt som målsetjing å unngå «kirkeligt klubsprog», og det har dei greidd. Sjølv om einskilde løysingar vil kunna diskuterast, som i alle omsetjingar, må den nye danske Bibelen på sine premissar kallast svært vellukka, og han fortener mange lesarar ogso i Noreg.

Men dersom Bibelen 2020 skal vera den offisielle danske Bibelen, ogso for Den danske kyrkja, er premissane galne. Dette er ein Bibel for næmingar, ein «mjølkebibel», medan Guds kyrkjelyd treng fast føde. Det at Bibelen skal lesast, er ein moderne tanke som ikkje lét seg tenkja før boktrykkjarkunsten var oppfunnen. «Privatiseringa» av Bibelen kom med protestantismen, og lausriven frå den kyrkjelege lesemåten, som på katolsk vert kalla «tradisjonen», vart Bibelen opphav til ei mengd kyrkjesamfunn og sekter på protestantisk grunn, der kvar truande i prinsippet var sin eigen pave.

Me har ofte gløymt at Bibelen har sin eigenlege stad i gudstenesta. Det er difor skriftene vert kalla heilage, både hjå jødar og hjå kristne. Dei er på ei vis «kultlegender», dei held levande minnet om Guds storverk i frelsesoga, som er føresetnaden for sjølve den kultiske handlinga – for jødane ofringane i tempelet, for dei kristne nattverden. Det er når Bibelen vert flytt frå altaret til skrivebordet og godstolen, at det kan kjennast naudsynt med ein versjon for fjortisar – og i høve til den kristne arven er vel dei fleste det i vår tid.

Bibelen 2020 har fyrst og fremst sitt verde som ein bibel for eit avkristna folk, som gjennom ei slik tilrettelegging får tilgang til sine eigne åndelege røter, til og med «lasta inn» på mobiltelefonen. Men alt i 2040 vil nok «nutidssproget» kjennast noko utdatert. Det dei med litt vanvyrdnad kallar «kyrkjeleg klubbspråk», med ord som «synd» og «nåde», er eit språk som lyt få vera med vidare om ikkje religionen skal vatnast ut og forfalla til ein spegel av vår eiga tid.

I ein fulltonande bibel lyt hundreåra klinga med, slik dei gamle jødane hadde klangen av høgtidssongen i tempelet i Jerusalem i øyro då dei sat som fangar «ved Babylons elvar».

Kjell Arild Pollestad

Kjell Arild Pollestad er katolsk pater og fast skribent i Dag og Tid.

PS. Det danske bibelselskapet har teke omsyn til kritikken av at namnet Israel var stroke i Det nye testamentet. I 2. opplag, som nett er kome ut, er Israel ført inn att på tretti stader, medan det elles står «jødane».

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Bibelen 2020 har fyrst og fremst sitt verde som ein bibel for eit avkristna folk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis