Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Eit hundeliv

Wes Anderson har laga ein artig animasjonsfilm frå Japan med brodd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei forviste hundane får selskap av tolvåringen Atari, som leitar etter kjæledyret sitt.

Foto: Twentieth Century Fox Norway

2484
20180427
2484
20180427

Animasjon /
Komedie

Regi: Wes Anderson

Isle of Dogs

Med: Bryan Cranston, Koyu Rankin, Greta Gerwig

Katteelskaren Kobayashi er ordførar i den japanske storbyen Megasaki. Som sterk mann og populist spreier han frykt for hundar og kveler protestar medan han samlar makt.

Folket er særs nøgd når alle hundar blir dumpa på Thrash Island. Både laushundar og lydige eksemplar av «menneskets beste venn» vert offer for pogromen. Ramma av hundeinfluensa og snutefeber slit snille biskar med svolt i havet av bos. Snart styrtar tolvåringen Atari til dei på jakt etter kjæledyret sitt, Spots. Framleis truar tyrannen.

Fine figurar

Wes Anderson er elska for trivelege, tullete og strålande stiliserte filmar. Den førre filmen, The Grand Budapest Hotel, hanka inn fire Oscar-statuettar for mellom anna produksjonsdesign og kostyme. No er han tilbake med ein ny dokkefilm med dyr, slik han lova etter Den fantastiske Mikkel Rev. Som vanleg har han med «halve Hollywood»: stemmene til Scarlett Johansson, Bill Murray, Frances McDormand, Harvey Keitel, Edward Norton og (hald deg fast) Yoko Ono.

Hundane er ein sjarmerande gjeng. Utforminga av figurane er enkel og effektiv. Bikkjene er uttrykksfulle. Ein del av hundehumoren er i slekt med ypparlege Se opp og skjemtar med førestillingar om dei pelskledde. Mykje av komikken er òg mørk og morbid, slik Anderson likar det. Stundom smiler eg godt.

Tankar i tida

Ein kan knyte ei mengd av elementa i forteljinga til aktuelle tema som bløminga av framandfiendtleg høgrepopulisme og historiske parallellar til slavesamfunn og holocaust. Utan at det dominerer underhaldinga, får ein noko å tenke på undervegs. Tull har heilt klart hovudrolla i komedien.

Anderson frå USA leikar skamlaust med alle klisjear som finst om Japan, anten det er haiku, yakuza, Kanagawa-bølga, sushi eller kirsebærblomar. Lista er lang. Han hersar kanskje mest med enkle idear om landet, men filmen har skapt debatt i USA om ein unødig heroisk kvit figur. Det minner om ordskiftet etter eskapadane til filmskaparen i India med Darjeeling Limited. Likevel er Isle of Dogs ein underhaldande film som skil seg ut med gjennomført, særeigen stil og snedige skjemt, slik det plar vere med Wes Anderson.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Mykje av komikken er òg mørk og
morbid, slik Anderson likar det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis