Eit megalomant prosjekt
Ambisjonen om å gi eit bilete av Amalie Skrams tid trugar nesten med å kvele portrettet av forfattaren sjølv.
Biografi
Merete Morken
Andersen:
Blodet i årene. Amalie Skram og hennes tid. En biografisk collage
Spartacus
Det er eit ambisiøst og omfattande verk Merete Morken Andersen, skjønnlitterær forfattar og førsteamanuensis i faglitterær skriving, har gitt oss med Blodet i årene. Amalie Skram og hennes tid. En biografisk collage. For i andre halvdel av 1800-talet skjedde det mykje: gjennomslag for Darwins, Nietzsches og Freuds nye menneskebilete, det moderne gjennombrotet i den skandinaviske litteraturen og nye, ikkje-naturalistiske straumar i målarkunsten. Blant anna. Og Andersen vil ha det meste med.
Brotstykke
Slik blir brotstykke av Amalie Skrams liv, brev og forfattarskap blanda med biografiske og litterære utdrag og parafrasar frå ei rekkje andre samtidige forfattarar og kunstnarar av ulike kaliber, dei fleste definerte som bohemar, til dømes Victoria Benedictsson, Georg Brandes, Sigmund Freud, Arne Garborg, Paul Gauguin, Henrik Ibsen, Drude Krog Janson, Hans Jæger, Oda Krohg, Edvard Munch, Friedrich Nietzsche, Knut Pedersen (Hamsun), August Strindberg og Henri de Toulouse-Lautrec. Tanken er å bruke Amalie Skram «som prisme for å få øye på en hel tidsånd» ved å nærme seg henne frå fleire kantar. Andersen har vilja skrive ein slags «virvel der de samme personene og hendelsene dukker opp igjen på ulike vis, slik de har en tendens til å gjøre det i livet», seier ho innleiingsvis. Slik skal Amalie Skram trø fram for lesarane. Likevel følgjer hovudkapitla ein slags overordna kronologi, med «Slekt», «Kjærlighet», «Galskap» og «Død» etter det innleiande «Frihet».
Resultatet er blitt ei bok som det er vanskeleg å plassere som biografi, om ein skal sjå til gjengs praksis for sjangeren. «Liv og tid» er rett nok den kanskje vanlegaste biografitypen, men forfattarane vil då gjerne freiste å argumentere for visse samband mellom rørsler og tilhøve i tida og den biograferte personen. Her er metoden – som undertittelen seier – ein collage, inspirert av målarkunsten. I collagen blir ulike bilete og tekstar klistra opp ved sida av kvarandre på eit lerret, medan det blir overlate til ho eller han som ser det, å finne meining i det. Slik fungerer denne boka òg: Lesaren får lita hjelp.
Irrelevant
Mykje verkar irrelevant for Amalie Skrams biografi, sjølv om det kan vere interessant å lese om Paul Gauguins kjærleiksliv på Tahiti, det kompliserte erotiske tilhøvet mellom Oda Krogh, Christian Krohg og Hans Jæger, eller Vincent van Goghs og Victoria Benedictssons sjølvmord. Mange av desse personane var heilt perifere i livet til Amalie Skram. Og noko – til dømes stoffet om Freud – blir for elementært. Det verkar òg som om Andersen sjølv er usikker på denne metoden, når ho i føreordet (brev til lesarane) foreslår at dei gjerne må lese litt her og der. «Noen ganger vil en rett og slett ha litt fortelling.» Men dermed går vel prismebiletet i oppløysing?
Det er meir som er problematisk her. Andersen seier at ho ikkje har skrive fiksjon, ettersom ho heile tida støttar seg på kjelder, noko òg den omfattande litteraturlista viser. Derimot har ho skrive ein litterær biografi, og dermed blir det hennar eige særmerkte litterære språk lesaren møter i parafrasar av tekstar skrivne av andre. Det kan vere medrivande, for ho skriv godt. Men dermed verkar det òg som ho annekterer ikkje berre delar av Amalie Skrams tekstar, men stykke frå biografiar andre har skrive, heilt ned i detaljar, til dømes Inger Alver Gløersens skildring av besøk hos farmora Lovise Alver, Amalies mor, frå Min faster Amalie Skram (1965).
Det er godt mogleg at lesarar som ikkje kjenner til Amalie Skram i særleg grad, finn både at boka gir dei nyttig innsikt i livet og forfattarskapet hennar, og at dei får lyst til å lese bøkene hennar. Andre vil få meir forstand av dei fine biografiane som Liv Køltzow og Janet Garton har skrive, av utgåvene av Amalie Skrams brev, redigert av Janet Garton, og – sjølvsagt – av Amalie Skrams eigne verk.
Jorunn Hareide
Jorunn Hareide er professor emeritus og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Resultatet er blitt ei bok som det
er vanskeleg å plassere som biografi.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.