Engelsk elegi
Vaughan Williams’ strykekvartettar har meir melodi enn harmoni.
Den engelske komponisten Ralph Vaughan Williams (1872–1958). Måleri av Gerald Festus Kelly (1879–1972).
CD
Ralph Vaughan Williams:
String Quartets
Verdi Quartett. CPO 2024
Til liks med dei engelske komponistkollegaane sine i fyrste helvta av 1900-talet skreiv Ralph Vaughan Williams relativt lite kammermusikk. I strykekvartettforma komponerte han ikkje meir enn at alt passar på éin CD – i alt tre stykke, der berre dei to siste er nummererte. Ensemblet Verdi Quartett gjev oss på denne plata eit interessant innblikk i ei relativt ukjend side av Vaughan Williams’ produksjon, for det er hovudsakeleg som orkester- og korkomponist han blir hugsa.
Kvartettane blei til over eit tidsspenn på nærare femti år. Stilen utviklar seg mykje, men det typisk engelsk-elegiske er alltid til stades. Dei er alle i moll, og det er melodiane snarare enn harmoniane som driv satsane framover. Eit anna typisk engelsk trekk er rytmikken, som har noko abrupt og asymmetrisk ved seg. Dette kan førast attende til to inspirasjonskjelder som Vaughan Williams’ ausa or livet ut: den engelske folkemusikken, og den engelske renessansemusikken, nærare bestemt verka frå Tudor-tida.
Rebelsk
I den unummererte Strykekvartett i c-moll (1898) kjem Tudor-preget til uttrykk i tredjesatsen «Allegretto», som er ein høfleg-aristokratisk menuett med eit snøgt og dansande, fugeaktig midtparti. Verket blei til mot slutten av studietida, og sjølv om her er mange interessante musikalske idear, tykkjer eg at komponisten slit med å «lodda» ideane godt nok saman til heilskaplege satsar. Særleg overgangane mellom temaa verkar påklistra.
Der er likevel noko ærleg og ikkje lite rebelsk ved uttrykket, for Ralph Vaughan Williams distanserer seg tydeleg frå den tysk-romantiske 1800-talsmusikken han var ala opp med på Royal College of Music i London.
Franske fargar
Ei løysing på «det tyske problemet» i musikken som også fleire norske komponistar tydde til før fyrste verdskrigen, var å venda seg mot Frankrike. Strykekvartett nr. 1 i g-moll (1909) er eit resultat av studietida hans i Paris hjå Maurice Ravel, som lærte han å komponera «komplekst, men ikkje komplisert». «Ravel synte meg korleis ein komponerer med farge og ikkje med liner; det var ei skakande oppleving brått å sjå alle kunstnarlege problem frå eit heilt anna perspektiv», sa Vaughan Williams seinare.
Kvartetten er spennande, sjølv om han framleis er som ei kunstnarleg legering av ulike stilar som ikkje har storkna heilt. Finalesatsen «Rondo capriccioso» fungerer best, og Verdi Quartetts livfulle framføring er framifrå. Ein verkeleg personleg tone høyrer eg likevel ikkje før i Strykekvartett nr. 2 i g-moll (1944). Den avvekslingsrike heilskapen overtyder, for det elegisk engelske blir her konfrontert med ru, kontinental modernisme.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.