Fedreland heimsøkt av katastrofar
Victoria Belim skriv nært og personleg om å vende heim til den Ukrainske landsbygda.
Victoria Belim er fødd i Ukraina, voks opp i USA og bur no i Brüssel.
Foto: Victoria Belim
Litterær sakprosa
Victoria Belim:
Røde sirener. En ukrainsk familiehistorie
Aschehoug
Russlands invasjon av Ukraina i byrjinga av 2022 kom uventa på mange. Overraskinga var kanskje enda større over viljen og evna hos det ukrainske folket til å forsvare seg. For å forstå samtida er det nødvendig å kjenne historia, og Røde sirener pløyer veg inn i den turbulente fortida til Ukraina.
Vika reiste frå Ukraina til USA få år etter at Sovjetsamveldet kollapsa og heimlandet vart sjølvstendig. Ho held god kontakt med onkelen Vladimir som har busett seg i Tel Aviv, men Russlands invasjon av Krim fører til ein opprivande krangel.
Vika har berre forakt for det sovjetiske prosjektet, men onkelen ser nostalgisk attende og meiner at ho er hjernevaska av vestlege medium. Krangelen fører til at Vika reiser for å besøke Ukraina og mormora Valentina som framleis bur i landsbyen Berig.
Tragedie og statistikk
«Eitt enkelt dødsfall er ein tragedie. Ein million dødsfall er statistikk.» Om Stalin faktisk sa dette, er omstridt, men nettopp her ligg styrken til den litterære sakprosaen. Han har evne til å formidle og gjere levande historiske hendingar på ein måte som statistikk og fakta sjeldan får til.
Victoria Belim fortel om familien sin, og gjennom denne også historia til Ukraina. Ho avgrensar seg hovudsakeleg til det tjuande hundreåret, men det er nok å ta av. Tilfeldigvis oppdagar Vika at ho har ein onkel, Nikodim, som forsvann i 1930-åra. Dette var tida for dei politiske utreinskingane, som med den aukande paranoiaen fekk stadig meir katastrofale dimensjonar. Dei ulike regionane fekk tildelt kvotar på forrædarar som skulle identifiserast og straffast. Dei mest ambisiøse lokale administrasjonane søkte gjerne om større kvotar. Mysteriet omkring Nikodim blir den raude tråden vi følgjer gjennom boka.
«Jeg var en tosk», svarer oldemora, Asya, når Vika spør kvifor ho gifta seg med Sergij. «Han hadde et rasjoneringskort». Dei gifta seg under holodomor, hungersnauda i 1932–33, eit resultat av Stalins aggressive kollektivisering av jorda og skattlegging av landbruket. Over fem millionar menneske døydde. Det nøyaktige talet er usikkert, som Khrusjtsjov sa: «Ingen heldt teljinga.»
Asya var lærar, og elevane svalt. Før dagens undervisning tok til, hende det at ho grov graver til dei barna som ikkje lenger hadde familie. Trass i mange ulikskapar mellom dei, var ho lykkeleg med Sergij. Han var ung vaksen på 1920-talet då landbrukspolitikken vart mindre dogmatisk, økonomien fekk ein kortvarig oppgang, og livet på landsbygda var lettare.
Den Ukrainske sovjetrepublikkens grenser vart definert, og styresmaktene oppmuntra folk til å bruke det ukrainske språket. Sergij kjempa mot nazistane i den store fedrelandskrigen og mista eit bein, men var av dei heldige som overlevde. Han hadde hyllemeter med Lenins verk og vart tru mot bolsjevismen livet ut. Akkurat dette siste går litt under radaren, og det kunne ha vore interessant om forfattaren hadde gått djupare inn i kvifor han tviheldt på trua si på denne saka.
Den ukrainske jorda
Trass i dei grufulle handlingane som verkar å vere utan ende, korrupsjonen, historieforfalskingane og det ugjennomtrengelege sovjetiske byråkratiet, er dette ei vakker forteljing. Livet på landsbygda er skildra med stor kjærleik. Der finst mellom anna agurkkviskrarar, ein dresskledd gartnar og ein broderikurator som bur på kyrkjeloftet og må selje den flotte, blonde fletta si for å brødfø seg over vinteren.
Fokus ligg framleis på stridens kjerne: den meterdjupe, svarte og fruktbare ukrainske jorda. Samtalene under kirsebærtre i blom dreier seg ofte om poteter, tomatar og agurkar. Minnet om holodomor sit framleis hardt i hos den eldre generasjonen og forplantar seg vidare inn i den neste. Plikta mot jorda og matauken kjem først av alt.
Den litterære spenningskurva kan iblant verke litt overflødig og liksom pressa på teksten, men utover det kan eg berre konkludere med at Røde sirener er ei velskriven og djupt rørande bok.
Guri Sørnes
Guri Sørnes er litteraturvitar og radioteknikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.