Jubileumshelg med tvisyn
200-årsdagen til Vinje vart feira førre helg på fødestaden til diktaren. Det skjedde med lått i det eine auga og gråt i hitt. Men det var òg augo som radt sovna.
Gudsteneste med song og lyrikk i vene Vinje kyrkje. Presten ynskjer alle velkomne.
Foto: Ronny Spaans
KOMMENTAR
Fredag førre veke var det to hundre år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Feiringa gjekk føre seg på ulike stader i kongeriket. Det var fest på Hadeland, på Granavollen der Vinje døydde. Dag og Tid tok vegen til fødestaden til Noregs store skald og fyrste journalist: Vinje i Telemark.
I Vinje var det jubileumshelg med konsertar med Det Norske Kammerorkesteret, seminar om diktaren og journalisten Vinje og poetisk gudsteneste i den fagre Vinje-kyrkja. Arrangør var kommunar i fylket saman med det nye Vinjesenteret, som ligg under Nynorsk kultursentrum.
Arrangementa baud både på høgtid og ettertanke, og på ordskifte om dagsaktuelle tema, som «falske nyhende» i journalistikken. Dei baud på hugtakande, sårande kvede og overraskande humorinnslag. Ja, det var mang ein publikummar som kunne «graata med det eine Augat og læ med det andre», for å herme jubilanten – jamvel om det vart litt vel mykje repetisjon under jubileumshelga. Eg talde seks framføringar av «Tyteberet», endåtil det å gråte og le med augo samstundes vart nemnt fleirfaldige gonger.
Flest gamle folk
Men det var ikkje berre leande og gråtande augo å sjå. Mangt eit auga blunda godt til svevndyssande føredrag eller hugtakande felespel. Ja, det blunda så godt at kallen sovna radt, men han sovna ikkje heilt inn, han kvakk til når applausen kom. For som vanleg var gjennomsnittsalderen ved slike tilstellingar høg. Også mellom bidragsytarane var gjennomsnittsalderen høg, bortsett frå musikarane, der vart unge talent lyfte fram. Litt underleg når det var skrivekunsten som stod i sentrum.
Festdeltakarane gjekk nøgde heim på sundag. Men samstundes fekk arrangementet meg til å fundere på framtida til det nyoppretta Vinjesenteret. «Vinjesenteret skal dekkje dikting og journalistikk på nynorsk og bokmål», heiter det. Det finst alt mange senter for journalistikk og mediekultur i landet: i Volda, Førde og Fredrikstad. Ville det ikkje vera naturleg med eit historisk senter for journalistikk og mediekultur i hovudstaden, nært Akersgata – i tråd med omgrepet samlokalisering, for å bruke eit uttværa ord på ein positiv måte.
Men vi har sett det før – kulturens vegar er uransakelege i Noreg, særleg når kultur går saman med distriktspolitikk. Og Nynorsk kultursenter har fått til det mest utrulege: Sentret vart skipa i 1993 for å drive Ivar Aasen-tunet. I haust rundar stiftinga 25 år med tjue tilsette som driv tre museum, tre festivalar, eit digitalt leksikon og åtte andre nettstader attåt. Direktør Ottar Grepstad, som går av i år, skal ha ære for storverk han har reist. Suksessen er ikkje minst synleg i Ulvik, der Olav H. Hauge-senteret har utvikla seg til å bli Noregs viktigaste sentrum for forsking, formidling og utøving av poesi. Når Ulvik poesifestival går av stabelen annakvart år, yr det av diktarar frå inn- og utland, bokinteresserte og turistar.
Spreitt, men magisk
Men suksessen har òg med ytre strukturar å gjera. Unelege Ulvik ligg rett ved knutepunkt for sjøveg og langveg, som ei husklyngje kransa av majestetiske fjell, med stutt veg til Bergen og Voss. I ljos av moderne byplanlegging, der fortetting og nyurbanisme er ideala, er Ulvik eit unnatak i det norske landskapet, der husspreiing er normalen. Det siste gjeld Vinje.
Utfordringa blir å skapa eit samlande kraftsentrum i eit spreitt – men vel å merke magisk – landskap, for arven etter Aasmund Olavsson Vinje, folketradisjonar og forteljarkunst, er enno sprell levande. Det vitna lokale kunstnarfamiliar om, som stråla under tilstellingane, både familien Vesaas og Nordstoga, i tillegg til yngre talent som festivalen lyfte fram, som spelemannen Ottar Kåsa frå Arabygdi.
RONNY SPAANS
Ronny Spaans er journalist
i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.