Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.

Foto: Ymer Media

2979
20241206
2979
20241206

Drama

Regi: John Crowley

We Live in Time

Med: Florence Pugh, Andrew Garfield
Kinofilm

Etter ei skilsmisse er Tobias (Garfield) heilt ute av seg då han blir treft av kjærleiken på ny, bokstaveleg talt. Almut (Pugh) køyrer rett på han, og så er dei i gang. Men livet treffer på nytt, då Almut får kreft. Korleis løyser dei strabasane når sjølve livet ser ut til å ha heilt eigne planar?

Kjæledyrtid

Romantisk feelgood-film basert på livstrugande sjukdom, det er vel kort oppsummert We Live in Time. Me lever i harde tider, mange har det vanskeleg, og kanskje det er tidsånda at me finn trøyst i å sjå andre ha det endå vanskelegare enn oss sjølve.

Men det må ikkje bli nitrist, ikkje sånn sosialrealistisk trist, som at ein ikkje klarar brødfø tre ungar som åleinemor og har mista jobben. Heller litt ekte forferdeleg tragedie, men pakka inn med vakre menneske som har karrieren på stell og ei gedigen, superfin leilegheit midt i London eller hus på landet. Og som finn kjærleiken, sjølvsagt. Almut og Tobias utfyller kvarandre, dei har det kjekt saman, dei kan kjenna seg heime og som seg sjølv i selskap med kvarandre.

God kjemi

Regissør og manusforfattar har heilt klart tenkt at det må ikkje bli for mykje av det gode. Karakterane må vera gjenkjennelege og sympatiske, med sine dårlege sider som den andre heldigvis taklar godt, men det må lysa trygg og god kjærleik frå dei pene fjesa. Og det gjer det til fulle i We Live in Time.

Ein avgjerande faktor for suksess i denne sjangeren er kven som spelar desse karakterane. Florence Pugh og Andrew Garfield står verkeleg godt til kvarandre, dei framstår som både truverdige og oppriktige, dei har kjemien som trengst for å dra i land eit eigentleg tynt manus.

Også klippinga hjelper godt – ved å stokka om på rekkefølgja ting skjer i, skapar filmskaparane ei kjensle av dynamikk som knapt ville vore der utan.

Knappespel

Rekvisitørane har gjort ein strålande jobb med å få dei opplagt uoppnåelege bustaddraumane til å framstå som tilfeldig heimekoselege på ein diskret måte, som ikkje står i stil til bustadkrisa som Storbritannia står overfor i dag. Igjen: Det er langt frå regissør John Crowley til Ken Loach og Mike Leigh, og det må sjølvsagt vera greitt.

Britisk julestemning er jo òg den koselegaste julestemninga av dei alle, og utan at det er for mange juleelement med i We Live in Time, kjennest det som ein julefilm. Karuselltur i sakte film, duse gultonar som eit varmt filter over det heile. Det verkar nesten som ein reklamefilm for graviditetstestar, utanom besøk til onkolog og cellegiftventerom, då.

Auga til Andrew Garfield er stort sett tårevåte filmen gjennom, og det kjem nok auga til mange i publikum også til å vera. Eg er ikkje noko unntak, men så er eg også både motstandar av og enklaste offer for filmar som trykker på alle knappane.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis