JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Barneranarane

Nytt australsk historisk drama har fleire glimt av finesse i kjende rammer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cate Blanchett spelar syster Eileen som tar seg av foreldrelause gutar, som denne namnlause guten spelt av Aswan Reid.

Foto: Ben King / Another World Entertainment

2910
20240607
2910
20240607

Drama

Regi: Warwick Thornton

The New Boy

Med: Aswan Reid, Cate Blanchett, Deborah Mailman, Wayne Blair
Kinofilm

Ein namnlaus gut (Reid) på ni år blir fanga og tatt til eit lite kloster i øydemarka på 1940-talet. Der styrer den liberale nonna syster Eileen (Blanchett) med mild hand. Syster Mum (Mailman) står på kjøkkenet, og George (Blair) driv jorda med hjelp frå ein skokk gutar som kolonistane truleg har stole frå foreldra.

Den tause guten skil seg ut, og forstår neppe engelsk. Han lokar rundt, uvan med reglane og religionen som styrer. Han har uvanlege evner og fyrer opp ei lita eldkule med fingrane under senga.

«Det er ei rekkje element av kvalitet i The New Boy.»

Håkon Tveit

Evnerik

Warwick Thornton har brei erfaring. I tillegg til regi står han for manus og kamera på The New Boy. Han vann Gullkamera for beste debutfilm i Cannes med Samson & Delilah i 2009 og jurypris i Venezia for Sweet Country i 2017. Sistnemnde er eit sterkt historisk drama frå 1920-talet i det såkalla Outback i Australia der kjernen er overgrepa dei kvite står for mot dei koloniserte. The New Boy har ein del felles med den filmen, men etter opningsscena er det sparsamt med skurkar og vald.

Syster Eileen er snill nok til at eg innleiingsvis får litt angst for at ho skal vere ei klassisk kvit redningskvinne. Store filmar om undertrykking plar ha slike. Det er ho ikkje. Thornton veit betre. Han er sjølv kaytetye, eit av folka som fell under samlenemninga aboriginarar.

Opningsteksten til filmen fortel korleis det var medviten strategi frå staten å stele born for å knuse slektsstrukturar og reinske landet etnisk for å få eit kvitt land. Kyrkja var ein stor del av taktikken.

I The New Boy er religion eit sentralt tema. Dei ekstraordinære evnene til guten kan verke som typisk magisk annleisskap først, men Thornton får fram spenning mellom ulike trustradisjonar. Leiken med det messianske mellom guten og krusifikset er fiks.

Elementa

Guten representerer motstand ved å sjå verda annleis enn dei med makt. Han har ein sterk sans for rettferd. Hakkeordenen mellom ulike figurar skapar ei nokolunde kompleks verd. Den unge debutanten Aswan Reid uttrykker perspektivet til hovudfiguren flott. Cate Blanchett er på sitt vane, høge nivå som snill sjefnonne.

Deborah Mailman er lun som kokke. Spelet til smågutane er ujamt. Det same er faktisk musikken til Nick Cave, som tek for mykje plass til tider. Foto byr på flotte utsnitt i leik med goldt landskap, sol og krossar. Thornton spelar òg det ljose, livlege håret til Aswan Reid snedig opp mot omgjevnadene. Det er ei rekkje element av kvalitet i The New Boy. Han held ikkje nivået til Sweet Country, men er både sjåverdig og tankevekkjande.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis