Blod, gørr og «slemme» jenter
Juleblod er ein stilistisk sjangerfilm som med fordel kunne vore meir fokusert.
Handlinga i filmen er lagd til Honningsvåg.
Foto: Another World Entertainment Norway AS
Slasherkomedie
Regi: Reinert Kiil
Juleblod
Stig Henrik Hoff, Sondre Krogtoft Larsen, Jørgen Langhelle
Reinert Kiil er ein nordnorsk filmskapar som lagar stilreine lågbudsjettfilmar med makabre skrekkelement og tydelege nikk til inspirasjonskjeldene. Slasherkomedien Juleblod er ikkje noko unntak. Her er for eksempel veninnegjengen som reiser til eit avsidesliggande strøk, i vårt tilfelle til Honningsvåg, for å feire jul. Her er seriemordaren med blodig appetitt og umetteleg drapslyst, i vårt tilfelle ein mann utkledd i nissekostyme. Og her er den avgjerande kampen mellom slaktaren og «sistejenta».
Eg skal ikkje avsløre kven som overlever blodbadet. Meir interessant er det å gå inn på kva som skjer undervegs. Forutan veninnegjengen er vi i spora til etterforskarane Thomas Rasch (Hoff) og Terje Hansen (Krogtoft Larsen) og kampen deira for å kome nissen (Langhelle) i forkjøpet. Nissen er ein vaskeekte antiheroisk karakter, som opererer med ei liste over kven som har vore «snille» eller «slemme». Og han er nærast umogleg å ta livet av.
Nettopp derfor kunne eg tenkt meg ei meir reindyrka forteljing om veninnegjengen og drapsmannen, heller enn å trekke inn den heseblesande politijakta i tillegg. Dramaet og intrigane jentene imellom er nok til å drive historia framover. Det er også her filmen er på sitt mest humoristiske, og introduserer oss for nordnorske bygdetullingar med ramsalte gloser og bratt flaskeføring. Desse er sånn sett meir minneverdige enn nissen, som trass i at han er «manifestasjonen av vondskap», slaktar ned folk utan at eg verkeleg blir redd han.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er skribent
og student.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Slasherkomedie
Regi: Reinert Kiil
Juleblod
Stig Henrik Hoff, Sondre Krogtoft Larsen, Jørgen Langhelle
Reinert Kiil er ein nordnorsk filmskapar som lagar stilreine lågbudsjettfilmar med makabre skrekkelement og tydelege nikk til inspirasjonskjeldene. Slasherkomedien Juleblod er ikkje noko unntak. Her er for eksempel veninnegjengen som reiser til eit avsidesliggande strøk, i vårt tilfelle til Honningsvåg, for å feire jul. Her er seriemordaren med blodig appetitt og umetteleg drapslyst, i vårt tilfelle ein mann utkledd i nissekostyme. Og her er den avgjerande kampen mellom slaktaren og «sistejenta».
Eg skal ikkje avsløre kven som overlever blodbadet. Meir interessant er det å gå inn på kva som skjer undervegs. Forutan veninnegjengen er vi i spora til etterforskarane Thomas Rasch (Hoff) og Terje Hansen (Krogtoft Larsen) og kampen deira for å kome nissen (Langhelle) i forkjøpet. Nissen er ein vaskeekte antiheroisk karakter, som opererer med ei liste over kven som har vore «snille» eller «slemme». Og han er nærast umogleg å ta livet av.
Nettopp derfor kunne eg tenkt meg ei meir reindyrka forteljing om veninnegjengen og drapsmannen, heller enn å trekke inn den heseblesande politijakta i tillegg. Dramaet og intrigane jentene imellom er nok til å drive historia framover. Det er også her filmen er på sitt mest humoristiske, og introduserer oss for nordnorske bygdetullingar med ramsalte gloser og bratt flaskeføring. Desse er sånn sett meir minneverdige enn nissen, som trass i at han er «manifestasjonen av vondskap», slaktar ned folk utan at eg verkeleg blir redd han.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er skribent
og student.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.