Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Blomar i sprekkene

Dokumentarfilmen om Billie Holiday er ikkje eit glansbilete, og bra er det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jazzsongar Billie Holiday fotografert på klubben Downbeat i New York i februar 1947.

Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images / NTB

2486
20201113
2486
20201113

Dokumentarfilm

Regi: James Erskine

Billie

Med: Billie Holiday og ein haug med jazzstjerner

Lady Day levde hardt dei 44 år ho fekk. Den unge songfuglen frå Baltimore gjennomgjekk ein epoke i historia prega av mangel på grenser – rusmiddel, rasisme og sexisme flaut fritt i USA medan Billie Holiday bergtok publikum i alle leirar.

Ueinsarta

Regissør James Erskine har valt eit interessant grep som ramme for ein elles ganske lineær og streit dokumentarfilm. På slutten av syttitalet arbeidde journalist Linda Kuehl med ein biografi om Holiday (eller Eleanora Fagan, som ho eigentleg heitte). Då Kuehl brått døydde, etterlét ho seg haugar med lydopptak der ho intervjuar folk som stod Holiday nær: musikarar, familie og vener.

Kuehls nærast naive tilnærming til intervjuobjekta gjer at dei slappar av, og dei deler viljug vekk både eitt og hitt. Dei har totalt motstridande oppfatningar av ymse hendingar, og karakteristikkane av Holiday sprikar i alle retningar. Akkurat det er frigjerande å sjå på.

Ein del dokumentarfilmar om førebiletlege utøvarar av kva det måtte vera, har ein tendens til å verta noko blankskurte, det er berre plass til éin versjon. Billie Holiday framstår som samansett og komplisert, på godt og vondt, akkurat slik dei aller fleste menneske er, og kanskje spesielt eit menneske med ein bakgrunn som hennar.

Fruktene

Lydspora ligg over mykje flott biletmateriale, både film og foto. Det er slåande at då ho som 14-åring opptredde for fyrste gong i New York, ser ho ut som ei godt vaksen dame. Og jammen måtte ho møta vaksenlivet i ein fei. Er det løye ho heiv seg på narkotika då ho fekk det tilbydd?

For ikkje å snakka om den handsaminga ho vart utsett for som vokalist med kvite Artie Shaw då dei turnerte i sørstatane. Ein av kjenningsmelodiane hennar, «Strange Fruit», handlar då også om synet av svarte som etter lynsjingar vart hengde i trea. Framføringa i filmen får håret til å stritta på armane.

Grepet med å bruka intervjua til Kuehl som forteljarspor er som sagt interessant. Men når Erskine prøver å snika inn litt spekulering i korleis Kuehl sjølv døydde, blandar han unødig inn sannkrimelement som vert hengande malplassert i lufta.

Eg vil likevel seia at dette kan du berre sjå vekk frå, og heller nyta denne heilstøypte dokumentaren om eit ikkje heilstøypt menneske.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I 1960 var Norsk Hydro-anlegget på Herøya Noregs største industriarbeidsplass, med 6500 tilsette. Biletet er frå ein Aktuell-reportasje same året.

Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB

Feature

Samfunn i vidvinkel

Fotografia frå bildebladet Aktuell utgjer ein mektig kavalkade frå glansdagane til sosialdemokratiet, skriv Kjartan Fløgstad.

KjartanFløgstad

Weronika Murek er dramatikar og forfattar og fekk Witold Gombrowics’ debutantpris i 2015.

Foto: Anna Rezulak

BokMeldingar

Presisjon ved surrealisme

Weronika Murek er krevjande i formspråket, men orkar ein å strekke seg litt, kan ein fort oppdage at ein har vakse ein litterær halvmeter.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis