Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Danse mi vise

Ein overraskande lett og fin film, sjølv om undertonen er mollstemt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den svensk-georgiske regissøren Levan Akin står bak filmen, som er eit kjærleiksbrev til Georgia, skriv produsenten.

Foto: Arthaus

2694
20191025
2694
20191025

Drama

Regissør: Levan Akin

I morgen danser vi (Orig.tittel: And Then We Danced)

Med: Levan Gelbakhiani, Bachi Valishvili, Ana Jakashvili

I den georgiske hovudstaden Tbilisi har venegjengen vore del av dansemiljøet sidan dei var små. Det heile vert hakket meir alvorleg for Merab (Gelbakhiani) då han vert teken ut til å stille på audition for ein plass på det nasjonale dansekompaniet. Det same gjer nykomaren Irakli (Valishvili). Utover å vera konkurrentar om den gjæve plassen fattar dei interesse for kvarandre på andre måtar også.

Sveorgisk

Regissør Levan Akin er oppvaksen i Sverige, men kjenner godt anane sine i Georgia. Dei overfylte, fargerike Tbilisi-leilegheitene er eit nydeleg bakteppe – byen har ein varme som kjem gjennom, sjølv kor nedsarva og slite alt er. I midten står ein hovudperson som er nærast umogleg å ikkje lika. Og han har ein konkurrent det er nærast umogleg å ikkje skjøna at han blir tiltrekt av.

Georgia er på mange måtar moderne, men homofrigjering driv dei ikkje med i stor skala. Slik er det heller ikkje mange førebilete for Merab, så berre tanken verkar fyrst framand for han. Og om du trudde georgiske dansarar er som vestlege ballettdansarar, så er dei det i alt anna enn kultur. Dette er mannemenn, dansing har høg maskulin status. Paradoksa står på rad for vestlege auge, men så er ikkje verda skapt av Vesten heller, og så får heller ironien vera at ein svenske har laga filmen.

Nyansane

Det heitaste reisemålet for vestlege turistar dei siste åra har vore nettopp Georgia. Landet har ei rik kulturhistorie, knallgod mat, vakker arkitektur og natur, og det til ein særs billig penge for oss privilegerte. Georgia har høg arbeidsløyse og lite velferdssystem, noko som gjer at turismen er viktigare enn nokosinne. Og som gjer at unge menneske er langt meir interesserte i å leva av kulturen, som gjennom tradisjonsdans og folkemusikk, enn dei treng vera her til lands.

Gode tradisjonar går ofte hand i hand med forstokka tankemønster, noko som viser seg når det konvensjonelle vert sett på prøve. Dermed skulle du fort tru det var duka for ei tragisk historie om motgang, vald og identitetskrise, sidan eg nemner alt dette.

Men I morgen danser vi er akkurat så nedpå og nyansert som ein kan ynskja seg av eit sosialrealistisk drama frå ein del av verda me ikkje kjenner så godt til. Og så oppløftande at ein får lyst å sjå filmen minst éin gong til, om så berre for dei vakre menneska, byen og dansen.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Paradoksa står på rad for vestlege auge, men så er ikkje verda skapt av Vesten heller.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis