JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Don Quijote med nål i armen

Telemarketers viser baksida på medaljen ingen skulle ha utdelt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein dokumentarserie om telefonseljarar kjem straks på HBO.

Foto: HBO

3373
20230811
3373
20230811

Dokumentarserie

Regi: Sam Lipman-Stern, Adam Bhala Lough

Telemarketers

Med: Pat J. Pespas, Sam Lipman-Stern
HBO

Kven sit eigentleg i enden av telefonen og sel deg ymse velgjerande formål? Eg vil bli svært overraska om det vanlegvis er så vanvittig som i denne dokumentarserien om telefonseljarar i USA og opplegget bak.

Lopper for luseløn

Eg er svak for dokumentarseriar som tek eit kraftig oppgjer med maktstrukturar og skurkar som slepp gjennom sprekkene i rettssystemet. Som oftast er desse glatte, påkosta seriar med proffe journalistar som intervjuar endå meir proffe fagfolk, og eg elskar det, misforstå meg rett.

Det fyrste som dukkar opp i Telemarketers er det trøytte fjeset til regissør Sam Lipman-Stern, som snur seg i senga og ser rett inn i kameraet, årstalet 2010 kjem opp på skjermen, og Sam seier: «I wanna make a documentary about CDG». Civic Development Group høyrest så fint ut. Det var der Sam arbeidde frå han var ein trøblete tenåring som fekk beskjed av foreldra om å få seg ein jobb, som hadde med seg kameraet sitt på slep og som filma det som nesten ikkje går an å tru er lovleg på nokon som helst arbeidsplass.

Det er galskap. Folk er drita fulle eller høge på stoff, sjefane er like ille som dei tilsette, og dei tilsette er gjerne tidlegare straffedømte, sosialklientar og skuletrøytte ungdomar. Og kva driv dei med på desse ruskete kontora, i dette tilfellet i New Jersey? Dei loppar folk for pengar, sjølvsagt.

Helteaktig

Telefonseljarane i Telemarketers har eit manus dei følgjer, og det er å presentera seg som ymse politi- eller brannfolk som samlar inn pengar til skadde og omkomne i teneste. Dei peilar seg ut dei svakaste i samfunnet, dei som gjerne ikkje har anna enn trygda å leva av, og av denne betalar dei inn det vesle overskotet dei har. Det næraste eg kan koma på i Noreg, er ulike evangeliske kyrkjer som også nærar seg ved å ringa gamle og sjuke for donasjonar.

Folka bakom CDG er skamlause – dei påståtte skadde tenestefolka ser ikkje ein cent av pengane som vert samla inn i deira namn, men går til bakmennene og – verst av alt – til å støtta musikkarrieren til ein av gründerane, Scott Pasch. Bortkasta pengar på så mange vis.

Det einaste som eigentleg kan forsvara dette etablissementet, er at dei ukritisk tilset dei som har falle utanfor og ikkje kjem til å få nokon anna jobb. Såleis blir Telemarketers ein overraskande tankevekkjande dokumentar, og heroinavhengige Pat J. Pespas tidenes antihelt.

Metadonmetoden

Amatørfilminga og amatørjournalistikken er også på ein måte rørande, der dei halsar av garde, og Sam tydeleg er litt skjemd over kompisen sin Pat, som han skjønar at kan skremma intervjuobjekta med den rufsete framtoninga si, samtidig som Sam ikkje har hjarte til å tilsidesetja den engasjerte varslarspira Pat.

«Me gjer som Michael Moore» seier dei, og nikket til den amerikanske rett-på-sak-dokumentaristen er ikkje heilt vekke – her skal det kjempast ein kamp for vanlege folk, mot dei griske og uheiderlege. Å vera respektabel får nytt innhald.

Men kor langt rekk motstanden når det kjem til stykket? Telemarketers klarar både å vera økokrim-underhaldande og sosialrealistisk relevant ut over det vanlege.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis