Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Drama / krim / musikal
Regi: Todd Phillips
Joker: Folie à Deux
Med: Joaquin Phoenix, Lady Gaga, Catherine Keener, Brendan Gleeson
Kinofilm
Jokeren (Phoenix) er tilbake. Arthur Fleck sit inne på ein institusjon for «kriminelle sinnssjuke» etter drapa skildra i storsuksessen Joker (2019). No kjem rettssaka. Er han forstyrra av dobbel personlegdom, eller spelar han roller?
Toppadvokaten Maryanne (Keener) set pengane sine på det første. Den brutale vakta Jackie (Gleeson) set pris på show og tek Arthur med seg til songterapi. Der ventar Lee (Gaga), som er fascinert av kjendisdrapsmannen. Kjærleiken kjem fort.
Undergang i USA
Tematisk går Joker: Folie à Deux i same tralten som sist. USA ser ut som eit søkkande skip. Svolten på skandalar er stor. Sannkrim, jag etter merksemd og stjernedyrking er kopla på valdskultur, utanforskap og ein roten fengselsindustri blanda med tvangsmedisinering på samleband.
Todd Phillips teiknar eit grelt bilde av landet sitt, som verkar som reine gaukereiret. Visuelt går den gilde stilen frå syttitalet att i denne varianten av Gotham. Det kler miljøskildringa.
Kjærleikshistoria er ein litt teit vri på kjærleik ved fyrste blikk frå ein drapsmann, men Joaquin Phoenix er ein stor skodespelar. Andletet er ikonisk og eig kinolerretet. Han er ein av dei store i rekkja av Jokerar, saman med Jack Nicholson og Heath Ledger. Sist vann han Oscar-pris.
Mørk melodi
Lady Gaga beviste for fullt at ho er skodespelar i tillegg til songar med A Star Is Born. Dei to er stort sett dei einaste som syng i filmen. Det gjev eit greitt skilje. Gaga er god, men skin ikkje slik som i gjennombrotet sitt. Glade songar er vridde til tristessen som gjennomsyrar filmen. Valet av låtar strekar under tematikken.
«That’s Entertainment» med Judy Garland er eit døme på signal til publikum om kva filmen handlar om. I tillegg kjem slagerar knytte til Fred Astaire, Frank Sinatra og andre legender frå underhaldningsbransjen.
Hildur Gudnadóttir vann Oscar for førre Joker-film og pregar lydsporet igjen med originalmusikk. At ho skreiv for Tár i mellomtida, vitnar òg om at ho er blant dei fremste komponistane av filmmusikk. Ho har tyngda filmen treng.
Joker: Folie à Deux er heilstøypt og god. Eg ser likevel mørkt på at kvar suksess i USA krev ein oppfølgjar. Manglande mot til å tenkje nytt sit djupt hjå dei mest pengesterke aktørane i filmbransjen, som elles. Mykje er rote i republikken.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.