Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Ein belgisk tragedie

Altfor mange Hollywood-ingrediensar får dominere i denne rotete kjærleikshistoria.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Overklassejenta Bibi møter bankranaren Gigi og søt musikk oppstår.

Foto: Storytelling Media

1904
20180907
1904
20180907

DRAMA

Regi: Michaël R. Roskam

Racer and the Jailbird (orig.tittel: Le Fidèle)

Med: Mattias Schoenaerts, Adèle Exarchopoulos, Erik De Staercke

Gigi (Schoenaerts) er bankranaren som voks opp på ungdomsanstalt saman med andre lause fuglar. Bibi (Exarchopoulos) er overklassejenta som køyrer racerbilløp og har alt: pengar, prestisje, skjønnheit. Alt dette har også Gigi – berre at han lyg om, vel, alt. I ei scene er dei to ute på landevegen i Bibis Porsche 911. Ho har mistanke om at han har ureint mjøl i posen, men avhøyret stoppar like fort som ho blir stoppa for råkøyring. Eit bryllaup er på trappene.

Gigi skal berre gjennomføre eit siste brekk først. Eg trur ikkje eg avslører for mykje når eg seier at dette ikkje går heilt etter boka. Og det er berre starten på nedturen for alle involverte. Det er ikkje grenser for kor ille det går med hovudpersonane, kor uheldige dei er, kor destruktive dei er overfor kvarandre. Kjærleiken gjer blind, og dette er ei kjærleikshistorie av den tragiske sorten. Hadde filmen halde seg sterkare til dette melodramaet og freista seie noko sant om livet, kunne eg kanskje falle for forteljinga. Som resultatet har blitt, heng ikkje historia på greip.

Det verkar som om regissør Roskam har gått til Hollywood-gryta og grådig teke føre seg i håp om at berre han rører godt nok rundt med tresleiva, vil ingrediensane passe saman. Men ein dæsj bankran, litt oppveksthistorie, ei klype biljakt, ei teskei grim skildring av den belgiske kriminelle underverda – ikkje akkurat reklame for muslimane i landet – og rause mengder sex, blir ikkje nødvendigvis god film. Det blir i staden ei tynn melodramatisk suppe, med ein farse av ein slutt. Nemnde eg at filmen er altfor lang?

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis