Ein film om oss alle
Oss to er ei ærleg påminning om at alle som skal leva lenge, skal verta gamle.
Martine Chevallier og Barbara Sukowa som Mado og Nina i ei uvanleg kjærleikshistorie.
Kinofilm
Regi: Filippo Meneghetti
Oss to (Orig. tittel: Deux)
Med: Barbara Sukowa, Martine Chevallier, Léa Drucker
Dei to pensjonerte damene madame Dorn (Sukowa) og madame Girard (Chevallier) bur overfor kvarandre i same korridor, men har ikkje fortalt familien at dei har vore elskarar i årevis. Når madame Girard, Mado, får slag, vert planane ho og madame Dorn, Nina, har, totalt endra.
Vendinga
Etter visninga av Oss to følte eg at eg hadde sett ein essensiell film. Den tilsynelatande smålåtne historia om to gamle kvinner får ikkje dei store marknadsføringsflatene frå kinoen og kan såleis gå under radaren. Nokon ungdomsappell kan ein heller ikkje seia han har. Men for godt vaksne som er i ferd med å føla alderdommen sjølv eller via sine eigne foreldre, oppsummerer filmen på mange måtar dette med overgangen frå å vere eit autonomt menneske til å verte redusert til ein umyndiggjort pasient. Frå å ha nesten i overkant interessante framtidsutsikter, vert Mado ved eit slag, bokstaveleg talt, eit umælande, rullestolbunde vesen utan noko ho skulle sagt. Og på den andre sida står Nina, kvinna som har elska henne i alle desse åra då Mado skjulte kven ho eigentleg ville vera med, for å skåna ein heilt normalt trongsynt familie i eit heilt normalt liberalt samfunn. Kjærleiken deira har ingen legitimitet lenger. For alt familien veit, er Nina berre ein rar, slitsam nabo.
Om oss
I ei scene sit Mado på sjukeheimen medan dei rundt henne spelar bingo. Sjølv om eg er ein stor fan av bingo, tenkjer eg likevel: for ein triviell, meiningslaus syssel alle skal trugast inn i der dei sit. Kva skjer med personlegdomen når du hamnar på heim? Ho skulle snart flytta til Roma med Nina, jo! Systemet er nok annleis her i landet enn i Frankrike, men det seier mykje om korleis me standardiserer eldreomsorg på ein til tider uverdig måte.
Det heile er sydd særs fint saman, utan feilplassert strykarmusikk og unødig sentimentalitet, men med originale audiovisuelle effektar som hevar Oss to endå eit hakk over «berre eit drama om gamlingar». Og sjølv om ikkje alle ber på ein dramatisk løyndom som Mados, handlar filmen til sist ikkje om berre dei to, men før eller seinare i livet oss alle.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Å utvikle søvnframkallande tomatar ved hjelp av genmodifisering er kanskje ikkje å forbetre evolusjonen, skriv Siri Helle.
Foto: Frank May / NTB
Genteknologi til kva bruk?
Teknologi som endrar gen, er komen for å bli. Men treng vi han i matproduksjonen?
Betlehemsstjerna.
Foto via Wikimedia Commons
2024 eller 2031 etter Kristus?
Når blei Jesus fødd? Kva er utgangspunktet for tidsrekninga vår?
Teikning: May Linn Clement
«Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre.»
Foto: Flamme Forlag
Eit dikt om honning
Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag.
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons