Ekkel edderkopp
Holy Spider maktar vera politisk og underhaldande på same tid – heldigvis.
I filmen til Ali Abbasi jaktar journalisten Rahimi (Zar Amir-Ebrahimi) på ein seriemordar.
Foto: Nadim Carlsen / Mer Filmdistribusjon
Thriller
Regi: Ali Abbasi
Holy Spider
Med: Zar Amir-Ebrahimi, Arash Ashtiani, Mehdi Bajestani
Kinofilm
Mashhad, 2000: Journalist Rahimi (Amir-Ebrahimi) tek turen frå Teheran for å grava i kva som gjer at ein karakter kalla Edderkoppmordaren (Bajestani) kan ta livet av så mange prostituerte utan at politiet klarar fakka han for desse så openlyse bortføringane. Mashhad-kollega Sharifi (Ashtiani) samarbeider til og med direkte med mordaren, som gjerne vil at avisene skal dekka dei «edle» dådane hans.
Kompassopp
Det er mørkt, dette her, berre så det er sagt. Ein fyr som Saeed, som overlevde den fyrste golfkrigen og dermed ikkje blei martyr, kva kan han vel gjera for å gleda Allah? Drepa dei umoralske, sjølvsagt. Beeeeekmørkt. Det verste er at han drep ikkje eigentleg for Allah, men for ein eller annan imam som han ser sånn opp til.
Holy Spider er basert på sanne hendingar, men som med all sannkrim kan ein ikkje lita på kva som er sant i noka særleg grad. Så når eg les at heile journalistdelen er oppdikta, kjenner eg at lufta i den i utgangspunktet begeistra ballongen min går litt ut.
På andre sida: Som spelefilm i ein sjanger eg finn høgst underhaldande, maktar Holy Spider å fortelja ei historie som er skakande med tanke på at folk faktisk til ei viss grad støtta handlingane til Saeed. Sjølv om dette var tjue år sidan, så er det i lys av dagens demonstrasjonar og arrestasjonar ingen tvil om at Iran har ein lang veg å gå for å justera det moralske kompasset sitt.
Isningar
Grensen stod på lista mi over dei beste filmane i 2018, og regissør Ali Abbasi stod med denne for det svenske Oscar-bidraget. Sidan har han fått dansk pass, men sitt opphavlege Iran kan han derimot ikkje reisa tilbake til med det fyrste. Lydsporet er tett og intenst og skrive av Martin Dirkov, også komponist på dei to andre filmane til Abbasi. På foto har han fått med seg nok ein tidlegare samarbeidspartnar, Nadim Carlsen, så her er mange danske krefter i sving.
Æreskodeksen Abbasi påpeikar, framstår som ein klam jernhanske, både om ein ser på nyhende, og om ein ser Holy Spider. Ein kan bli like matt, trist og opprørt av både fiksjon og røynd. Heldigvis er filmen så medrivande at meir enn politisk oppdragande er han fyrst og fremst spennande og skummel, akkurat som sannkrim skal vera.
Det kanskje mest skremmande i filmen er eigentleg ikkje korleis Saeed får støttespelarar, eller dei forferdelege hendingane han utfører. Den uunngåelege hjernevaskinga ein ser den unge sonen hans gå gjennom, får det verkeleg til å isa i blodårene.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Æreskodeksen Abbasi påpeikar, framstår som ein klam jernhanske.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.