JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Film: «Det meste fungerer utruleg godt i Drømmer

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ella Øverbye og Selome Emnetu i hovudrollene som Johanne og Johanna.

Foto: Arthaus

3433
20241004
3433
20241004

Drama

Regi: Dag Johan Haugerud

Drømmer

Med: Ella Øverbye, Selome Emnetu, Anne Marit Jacobsen, Ane Dahl Torp
Kinofilm

Vidaregåande-elev Johanne (Øverbye) er sikker på at ho har treft sin sjeleven og livspartnar når den nye fransklæraren Johanna (Emnetu) dukkar opp. Som med all kjærleik så er det ikkje rett fram, og til slutt må ho fortelja om opphenget sitt til mor (Torp) og mormor (Jacobsen).

Elsk

Som i Sex, den fyrste filmen i trilogien til Dag Johan Haugerud (Kjærlighet har premiere seinare i år), startar Drømmer med funderingar, denne gongen ikkje frå vaksne menn, men frå ei tenåringsjente. Dei noko pompøse orda sagt høgst oppriktig får meg fyrst til å tenka på Kaja Gunnufsen, for så å hoppa rett over i Lillebjørn Nilsen. «Alt jeg har og er, faller ned og vaskes bort av regnet.»

Det er så 16–17-årsaktig. Du er den einaste som på ekte har skjønt noko som helst, og alle andre er ganske ordinære og ignorante samanlikna med deg. Det er så gjenkjenneleg at eg får lyst å grina og le om einannan. Eg ler ikkje av Johanne, så håplaust ung og naiv, men reaksjonane til mor og mormor og dei mange feiltolkingane og misforståingane som oppstår i hovudet på dei alle tre, eigentleg. Det er så mange godt skildra situasjonar at eg blir rørt berre av handverket. Eg trur eg elskar denne filmen.

Klasse

Manusforfattar og regissør Dag Johan Haugerud har denne gongen teke eit steg vekk frå drabantbyestetikken og skildrar Oslo sentrum som Joachim Trier gjer det i filmane sine, berre etter mitt syn mindre pretensiøst, men med den same kjærleiken til hovudstaden. Gåturane Johanne tek frå nabolaget sitt med gamle bygardar ein stad (eg vil tippa det er på middelklasse-austkanten) gjennom det meir rufsete Grønland og over til kapitalisthøgborga Barcode – det er som ei reise i eit nytt Oslo.

Det er mindre arbeidarklasse over Drømmer enn dei andre filmane til Haugerud, og åleinemor-tematikken er klar, men ikkje gjord eit stort nummer av. Mor–dotter-dynamikken får meir plass. Ein nydeleg illustrasjon på dette er at mor Kristin klandrar mor si for å alltid få henne til å kjenna seg dum.

Det heile starta med at dei var på kino og såg Flashdance då Kristin var ti år, og ho fekk klar beskjed om kva for ein skitfilm dette var, endå ho elska den filmen. Eg ler høgt av at begge har så rett, og det er akkurat sånne velskrivne, velframførte scener som gjer Drømmer til ein unikt underhaldande og klok film.

Full pott

Dei tre generasjonane som blir representerte så makelaust av Øverbye, Torp og Jacobsen, har meir til felles enn som skil dei, og slik er det gjerne oftare enn me trur. Tilliten dei må ha til kvarandre, blir stadig prøvd, og kompromissa er mange, slik livet er.

Livet rommar også uendeleg med gråsoner, og akkurat som i Det er meg du vil ha (2014) har ikkje Dag Johan Haugerud berøringsangst. Det er alltid djupt urovekkande å måtta ta stilling til om noko er eit overgrep eller ikkje når mindreårige inngår forhold til vaksne, men han meistrar denne balansegangen – med uvurderleg hjelp av Ella Øverbye og Selome Emnetu som Johanne og Johanna.

Det meste fungerer utruleg godt i Drømmer – skodespel, musikk, klipping, foto, dialog. For ei lukke at Kjærlighet snart har premiere. Spørsmålet er om begeistringa mi kan overgåast, det skal nesten halda hardt.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis