Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.
Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.
Foto: Ymer Media
Dokumentar
Regi: Trond Kvig Andreassen
Riv i hjertet
Med: Sondre Justad med vener og familie
Kinofilm
Vesle Sondre visste alltid at han var fødd til å vera artist. Likevel verka ikkje vegen til dei store scenene så kort frå Lofoten, men via prøving og feiling landa han på den norskspråklege hylla som etter kvart gjorde han til ein publikumsfavoritt.
Men kva med kjærleikslivet til han som smeltar så mange jentehjarte?
Sjølv-TV
Denne veka (faktisk) fyller Sondre Justad 34 år, og det er rundt ni år sidan han slo gjennom med debutplata Riv i hjertet. Filmen med same namn får den relativt unge artisten til å framstå som om han har levd ein mannsalder. Det får ein takka teknologien for.
Eg reknar med at Asif Kapadias film om Amy Winehouse, Amy (2015), må ha vore til inspirasjon, og det blir nok langt fleire av denne typen framover, sidan ungar og ungdomar no dokumenterer seg sjølve frå dei kan halda i ein smarttelefon, og det er jo sånn omtrent frå før fylte eitt år. Det er uansett utvilsamt moro å sjå sjølvfilming av herleg lite sjølvbevisste ungar som Sondre, der han showar på og raksar rundt med kameraet sitt i Henningsvær, til opplagt godmodig tolmodsprøve for familie og vener.
Torsketungetale
Tenkja seg til kor mange slike håpefulle filmsnuttar som ikkje endar opp på film. Iallfall ikkje ein film der ein heilt frå starten klipper inn lange sekvensar frå eit konsertopptak der publikum nok er informerte om at det blir teke opp, og syng med av full hals, som for å understreka at dette er ein som verkeleg har hatt suksess.
Like mykje blir det heile vegen brukt montasje av vakre Lofoten, for å insistera på at Sondre Justad har integriteten i behald. Du skal ikkje tvila på at han alltid hugsar kor han verkeleg kjem frå – dette er ein som kan å skjera torsketunger! – om han bur aldri så mykje i Oslo.
Dei mørke skyene som trengst i ein dokumentar, er manneforma. At det å vera skeiv sit så langt inne framleis, er både trist og eigentleg litt overraskande. Skeiv eller ikkje, Riv i hjertet er fyrst og fremst ein film for fansen, og som dokumentar er han heilt streit.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media