For lite føleri
Gåsehudeffekten vik plassen for filmeffektar i Gladiator II.
Acacius (Pedro Pascal) og Hanno (Paul Mescal) i Gladiator II.
Foto: Paramount
Actiondrama
Regi: Ridley Scott
Gladiator II
Med: Paul Mescal, Denzel Washington, Pedro Pascal, Connie Nielsen
Kinofilm
Romarane med general Acacius (Pascal) i spissen kjem og tek landet Nubidia, og ein av fangane som blir med tilbake til Roma, er Hanno (Mescal). Mange år har gått sidan gladiatoren Maximus døydde i Colosseum, og dottera Lucilla (Nielsen) til den dåverande keisar Marcus Aurelius, elskaren til Maximus, er no kona til general Acacius. Hanno sver at han skal hemna overtakinga av Nubidia og drapet på hans kjære Arishat ved å drepa Acacius. Men fyrst må han overleva slavelivet som gladiator og den sleipe slaveeigaren Macrinus (Washington).
Minimus
I filmen har det gått seksten år sidan Maximus (spelt av Russell Crowe) døydde. I røynda har det gått tjuefire år, overraskande lenge for eit Hollywood-apparat å mjølka ei suksessku som Gladiatoren (2000). Så er regissør og filmskapar Ridley Scott ikkje kven som helst, og under sitt eige produksjonsselskap Scott Free gjer han kanskje akkurat som han vil. Difor undrar eg meg over nokre av påfunna hans i ein film der publikum stiller med store forventningar. Det gjer i alle fall eg! Eg er ei av dei som såg fyrste Gladiatoren minst tre gonger på kino, som græt mine modige tårer over Maximus’ død, og som var litt forelska i ein fyr fordi han likna ørlitt på Russell Crowe. Ein skal ikkje sjå vekk frå at også den nye versjonen, som den førre, er mynta på eit kinopublikum som ikkje har fått over tjue år til å verta kritisk på. Det er klart at Gladiator II ikkje innfrir forventningane mine, utan at det betyr at han ikkje har gode kvalitetar.
Vae victis
Fyrst og fremst har Scott kunna plukka frå øvste skodespelarhylla, og det har han også gjort. Paul Mescal som «nye» Russell Crowe fungerer heilt greitt. Det same gjer Pedro Pascal. Og Denzel Washington. Og Connie Nielsen. Og så stoppar det der. Handlingsrommet er ikkje til stades, dei har nok med å levera replikkar og svinga sverd til at kjemien får plass. All staffasjen druknar store kjensler og storslegen strategi. Dataanimerte blodtørstige apekattar og ei lite truverdig omgjering av Colosseum til eit basseng fullt av kvithaiar verkar meir distraherande enn imponerande. Dei slemme keisarbrørne er så karikerte at det forstyrrar ytterlegare. Forsøka på alliansar verkar nesten mot si hensikt. Overtydinga manglar, talane og dei store orda som gjorde at då eg såg fyrstefilmen – endå eg skjønte at eg blei rundspelt – følte eg «styrke og ære» langt ut i hårrøtene. Det manglar ikkje på underhaldningsverdi i Gladiator II, men til å vera ein så ambisiøs produksjon med så mange talentfulle skodespelarar, verkar det mest som eit påkosta skuldertrekk.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.