Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Formlar og fordomar

Mattegeni møter motstand og finn nye gleder i livet i variabelt drama.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hovudrolleinnehavaren Ella Rumpf fekk den franske prisen som tilsvarar Oscar, for skodespelarprestasjonen i denne filmen.

Foto: Storytelling

2491
20240621
2491
20240621

Drama

Regi: Anna Novion

Marguerites lidenskap (Orig.tit.: Le théorème de Marguerite)

Med: Ella Rumpf, Jean-Pierre Darroussin, Julien Frison, Sonia Bonny
Kinofilm

Marguerite (Rumpf) er eit stortalent med ljos framtid som matematikkforskar. Ho er sosialt keitete. Når ho skal presentere den sentrale teorien for doktorgrada, kollapsar alt. Det meir omgjengelege skuleljoset Lucas (Frison) finn ein feil som øydelegg alt. Marguerite må starte på nytt, og rettleiaren (Darroussin) vil gje frå seg rolla.

Talentet sluttar tvert og vil heller betale tilbake stipendet. Ho flyttar inn hjå frilynte Noa (Bonny) og ser nye sider ved livet, medan mora og gamle kollegaar freistar få ho tilbake på det matematiske sporet. Kanskje mahjong i ei kinesisk bule kan hjelpe.

«Ella Rumpf spelar hovudrolla bra, men er bunden av stivna idear frå regihald ved Anna Novion.»

Håkon Tveit om Marguerites lidenskap

Flink eller fri

Ella Rumpf spelar hovudrolla bra, men er bunden av stivna idear frå regihald ved Anna Novion. Nerden har sjølvsagt briller. Rørslene er stive, mekaniske og effektive, og dette meistrar Rumpf til dei nervøst famlande fingerspissane.

Hestehalen er stram. Klisjeane blir endå tydelegare når ho blir kjend med Noa, som har stor afrosveis, ingen BH, og er fri i snakketøy og seksualitet. Ikkje sei at filmen skal følgje den nedtråkka stien «tilkneppa privilegert person lærer Livet å kjenne i møte med fascinerande framand skapning»? Jau.

L’école inférieur

Den norske filmtittelen viser kor redde distributørar er for at nordmenn ikkje skal forstå ting. Den direkte omsetjinga «Marguerites teorem» ville vist kjærleiken til faget som Novion løftar lekkert fram med krit og tavle.

I Frankrike er omhugen for kunnskap truleg større enn eit par norske forskingsministrar eg minnest. Like eins hadde filmen Retour à Ithaque tittelen Himmelen over Havanna. Kven har høyrt om Ithaka? Kva er eit teorem? Det blei i det minste ikkje «Lidenskap i Paris».

No syndar vel filmskaparen òg ein smule i å dumme ting ned. Eit par grep med færre klisjear hadde gjort seg. Eg likar fokuset på fag. Rettleiaren seier at det viktigaste i forskinga er å fri seg frå det faste og å tenkje kreativt. Novion er flink, men ho skulle høyrt litt meir på tipset ho sjølv har skrive i manuset.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis