Frisk bris
Den ville debuten til Franciska Eliassen fangar tema som er i vinden med fri fantasi.
Ruby Dagnall og Keira LaHart spelar to systrer i debutfilmen til Franciska Eliassen.
Foto: Filmbyrået Jack
Drama
Regi: Franciska Eliassen
Den siste våren
Med: Ruby Dagnall, Keira LaHart
Kinofilm
To systrer strevar med livet og klimakrisa ein stad i Lofoten. Eira (LaHart) er ein taus observatør. Storesystera Vera (Dagnall) er vill. Verkeleg vill. Ho skrik og styrer på med ulike kunstuttrykk og hemningslaus framferd. I dagboka til Vera finn Eira innblikk i den indre verda til villstyringen.
Glitter
Spelefilmdebutanten Franciska Eliassen studerer biletkunst på Kunsthøgskolen i Oslo. Kunstnarsjela skin gjennom i den visuelle stilen. Det kryr av glitter i fjes, fargerike kostyme og kulissar. Filmen er rik på draumlike scener og stiliserte tablå. Mest følgjer vi kvervelvinden Vera med handhalde kamera, like rastlaust som den rasande rebellen.
Filmen slentrar av garde i spenning mellom angst og sinne. Som innfallsrik skildring av ein plaga kunstnar står Eliassen på skuldrene til Itonje Søimer Guttormsen, som laga herlege Gritt, og som underviste Eliassen på Nordland kunst- og filmhøgskole.
Glør
Den tilbakehaldne stilen til Keira LaHart som Eira står i kontrast til Ruby Dagnall, som fyller Vera med uttrykksfull energi. Båe er gode. Dagnall vann ein fortent Amanda-pris for Rosemari av Sara Johnsen i 2017. Ho har hatt mindre roller i både Verdens verste menneske og Skam, og no kjennest det som det er på tide at ho får ei større rolle igjen. Ho gløder.
Vera raljerer om klimakrise og heksebrenning i tråd med den uttalte økofeminismen til regissøren. Eliassen ber på eit brennande engasjement. Ho tilrår å grunde på om det er Vera eller verda som er galen. Å sjå Vera som heilt tilrekneleg, er ikkje lett, for ho verkar som ein orkan det er skummelt å kome nær. Likevel tek ho oss med storm. Filmen fengjer og fasinerer. Slike lågbudsjettfilmar er aldri feilfrie, men den kunstnariske djervskapen er gild. Den siste våren er eit friskt pust.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.