Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Fysikk, biologi, men lite kjemi

Av og til held det ikkje berre å vera underhaldande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Claire Foy som Margaret og Paul Bettany som Ian i miniserien som går på NRK.

Foto: BBC / NRK

2524
20220304
2524
20220304

Dokudrama

Regi: Anne Sewitsky

A Very British Scandal

Med: Claire Foy, Paul Bettany, Julia Davis
Miniserie NRK

Då dei to overklasselevemenneska Margaret (Foy) og Ian (Bettany) møtest rett etter krigen, stormar dei inn i livet til kvarandre og ut av det gamle. Ingenting blir mindre stormfullt av at han arvar eit slott og ein hertugtittel.

Fint skal det vera

Ikkje berre har du sjølve den unge The Crown-dronninga Clare Foy i rolla som hertuginna av Argyll, det er noko med heile koloritten og dei snobbete dialektane som automatisk får tankane til den populære serien om den britiske tronarvingen. Me har tilsynelatande ei usløkkjeleg lyst på dramatiseringar om fintfolk frå gamledagar (Downton Abbey, Bridgerton osv. osb. etc.). Når det i tillegg kan baserast lausleg på noko som har skjedd, då er det verkeleg underhaldningspotensial.

Så får du ein skamdyktig regissør som «vår eigen» Anne Sewitsky, og suksessen er på mange måtar i boks. Men så var det altså dei få måtane eg ikkje likar A Very British Scandal på, som kanskje fyrst og fremst går på at eg ikkje heilt kjenner på kjemien mellom hovudpersonane. Eg kan ikkje seia at eg ikkje blir underhalden, men den store entusiasmen min uteblir.

Love og rett

Sidan det frå starten er førespegla eit heftig rettsdrama, kjenner eg at den forventninga ikkje blir heilt innfridd. Her er pikante intrigar og hårreisande bedrag, men sjølve rettssaka vert ei litt kjapp oppsummering mot slutten, noko som verkar hastig. Bodskapen om at kvinner blir straffa for å vera seksuelle vesen, og at overklassen er hyklersk, kjennest gamaldags på eit vis. Ikkje at eg er ueinig, det berre verkar noko uinspirert eller opplagt.

Å understreka kor sjokkerande promiskuøs hertuginna skal ha vore, for så å forsvara retten hennar til å vera det, framstår nesten hyklersk i seg sjølv, eller kan henda berre lettvint og lite gjennomtenkt. Men no tolkar eg kanskje hardt – til sjuande og sist skal A Very British Scandal vera underhaldning, og kva er vel meir underhaldande enn ei særs britisk skandale?

I tillegg er det vakkert å sjå på, både Bettany og Foy, kleda deira, landskapa, dei herskapelege husa og den lekre filminga av det heile. Det blir likevel for motstandslaust, og sikkert langt frå historisk korrekt, så får ein heller ta stilling til om det ikkje er akkurat det ein av og til vil ha servert i TV-fjeset.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kultur­arbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis