God gammal gangster
Steinandletet Jason Statham er tilbake hjå regissøren som skapte han.
Holt McCallany (t.v.) som Bullet, Jason Statham som H, Josh Hartnett som Boy Sweat Dave og Rocci Williams som Hollow Bob i den nye filmen til regissøren Guy Ritchie.
Foto: Metro Goldwyn Mayer Pictures
ACTIONTHRILLER
Regi: Guy Ritchie
Wrath of Man
Med: Jason Statham, Josh Hartnett, Holt McCallany
Kinofilm
Løvebrølet til MGM og logoen til det gamle Weinstein-selskapet Miramax opnar Wrath of Man med ei kjensle av svunnen tid. I første scene er vi vitne med dårleg utsikt til eit ran av ein pengetransport der to vektarar døyr.
Snart tek H (Statham) arbeid hjå same selskapet. På prøvene når han så vidt nivået for å bli tilsett, men kollegaar mistenker at den kalde, lakoniske figuren har meir inne, spesielt etter at han taklar neste ran som reinaste skarpskyttaren.
Staut Statham
Filmen er delt opp i ulike delar der vi ser situasjonane frå ulike perspektiv og gradvis får klarleik i kva som har skjedd, og kven som er involvert. Kven er ransmennene? Kven er på innsida? Kor kjem vreiden frå? Spørsmåla er klassiske.
Første kapittel er mest morosamt. Machofaktene i garderoben er skrudd opp til elleve i ein parodi på filmar som denne. Sexistisk sleiv er essensielt. Tulling om moderne menn må òg med, men desse minimalt utdanna vektarane er heilt vanlege, skvetne folk som heller vil følgje retningslinene enn å leike helt. Kvardagslege detaljar står i kontrast til den klassiske gangsterfilmen og til fenomenet Statham.
Tittelen gjev svaret på kva som driv H. Nokon skal svi. Blod kjem til å flyte, men det er lite storslegen action og spektakulære slåstkampar. Stilen er tona ned. Andlet trumfar akrobatikk. Vi snakkar nesten meir Nokas av Erik Skjoldbjærg enn The Fast and the Furious.
Men dette er fullt og heilt Guy Ritchie, slik vi kjenner han frå debuten Lock, Stock and Two Smoking Barrels, sjølv om moderne mørke går framom ironisk nittitalsnihilisme. Filmen kviler på dei staute skuldrene til Jason Statham. Han er seg sjølv lik. Lite mimikk. Skummelt blikk.
Gamleskulen
For ein som korkje har hengt med i svingane på Fast and Furious-føljetongen eller har hatt stor interesse for alle storfilmane Ritchie har regissert, kjennest dette forfriskande gammaldags. Før du veit ordet av det, finn du denne på ei strøymeteneste med merkelappen «steinhard».
Fantasien er ikkje for stor, for dette er ein ny versjon av franske Le Convoyeur av Nicolas Boukhrief frå 2004. Ein slapp skurkefigur med arr i fjeset utan impulskontroll og lojalitetskjensle pluss nokre logiske snarvegar kjem på minussida. Likevel fungerer Wrath of Man godt. Det kan vere kjekt med litt hardbarka hemnkrim frå ei stødig hand.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.