Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Gudfryktig gruppeterapi for homofile

The Miseducation of Cameron Post viser det vanskelege livet som skeiv ungdom, men gløymer det store bildet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forrest Goodluck, Chloë Grace Moretz og Sasha Lane er på «avhomsingsleir».

2001
20181019
2001
20181019

DRAMA

Regi: Desiree Akhavan

The Miseducation of
Cameron Post

Med: Chloë Grace Moretz, John Gallagher, Jennifer Ehle

Då Cameron Post (Moretz) blir teken i amorøs omfamning med ei anna jente, sender den gudfryktige tanta henne på «avhomsingsleir». Langt til skogs i Montana, midt i det kristenkonservative USA, skal Cameron kurerast for homofilien. Det vil seie, det ordet finst ikkje i vokabuleret til ho som styrer internatet, doktor Lydia Marsh (Ehle), som har lukkast med å «avhomse» broren Rick (Gallagher). Han fungerer som eit lysande eksempel.

Dr. Marsh opererer med ein modell ho kallar «isfjellet», der ungdommane skal grave i det umedvitne og finne årsakene til SSA-en («same sex attraction»). Det kunne like gjerne stått for «skadeleg seksuell aktivitet». Cameron gjennomskodar praksisen. Saman med to andre likesinna dannar ho eit fellesskap. Så godt går det ikkje med dei andre. Sterkast er ei scene der fleire sit i gruppeterapi. Ein av ungdommane siterer eit bibelvers, igjen og igjen, før han deisar i bakken, med spasmar. «De anar ikkje kva de driv med», utbasunerer Cameron.

The Miseducation of Cameron Post viser på hjarteskjerande, men også humoristisk og varmt vis, ei side av det kristenkonservative USA. Regissør Desiree Akhavan gjer dette utan å demonisere dei «vonde» karakterane. Dei er snarare blenda av eiga tru og eigen oppvekst. Som eit nikk til high school-filmnestor John Hughes finn ungdommane kvarandre i galskapen. Nokre av replikkutvekslingane dei imellom er smarte og humreverdige. Som ein kritikk av den institusjonelle praksisen rundt kurering av homofili, blir filmen for nærsynt. Det er som om verda utanfor knapt eksisterer. Kvifor finst slike skular når dei openbert øydelegg unge folk? Det gir filmen aldri eit svar på.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis