Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Kino i krisetid

HAVANNA: Straumstans, sensur og solide filmar er stabile faktorar på filmfestivalen i Havanna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå filmen til den cubanske regissøren Marcos Díaz Sosa.

Foto via IMDb

3467
20241213
3467
20241213

Filmfestival i Havanna

5.–15. desember

At den latinamerikanske filmfestivalen i Havanna skulle gå føre seg i år, var ikkje sjølvsagt. Det siste landsdekkjande straumbrotet så langt kom dagen før festivalstart. Noko teknisk trøbbel er å vente. Litt glisne salar overraskar heller ikkje etter massiv emigrasjon.

Avskjedane

Alle fer framleis, som Wendy Guerra skreiv i ein roman i 2006. For alle dei fire cubanske langfilmane på programmet glimra regissøren med sitt fråvær. Før spelefilmen Fenómenos naturales (Naturlege fenomen) las Andrea Doimeadiós, som hadde hovudrolla, opp ei melding frå regissøren Marcos Díaz Sosa om at øya er prega av vald, og at det vantar kjærleik og omsut. Filmen handlar om ei kvinne som har eit stort talent for å skyte med hagle, men møter hinder hos konservative kaksar.

Tre cubanske dokumentarfilmar handla om ting som går tapt. El bosque intermitente (Den mellombelse skogen) av Lázaro Lemus er ei flott skildring av ein mann som har ferdast i skogen vest på Cuba i over seksti år. Kunnskapen hans blir borte. I La tierra de la ballena (Kvallandet) tek Armando Capó Ramos farvel med gamle meistrar i heimbyen Gibara aust på Cuba. Dei syrgjer over alt som fell frå kvarandre. La línea del ombligo (Navlestrengen) av Carla Valdés León er hennar avskjed med besteforeldra. Trua på framtida svinn.

Fråværet

Som alltid manglar nokre cubanske filmar. To skil seg ut. Dokumentaren Isla familia (Øy familie) av Clauda Calviño og Abraham Jiménez Enoa hadde nett premiere på Doc NYC i USA. Jiménez er ein uavhengig journalist. Det er ikkje lett i land nummer 168 på lista Reporterar utan grenser har over pressefridom. Han blir hersa med av tryggingstenestene og jaga mot eksil.

Aggressiv overvaking pregar Crónicas de lo absurdo (Krøniker om det absurde) av Miguel Coyula. Dokumentaren hadde nyleg premiere på IDFA i Nederland og er ein skakande, rebelsk kollasj med lydopptak, animasjonar og stillbilete om korleis Coyula og skodespelaren Lynn Cruz blir plaga og hindra i kunstnarvirket.

Filmminne

Festivalen i Havanna manglar ikkje dokumentarar om politikk. Knallgode Apocalipse nos trópicos (Apokalypse i tropane) av Petra Costa viser korleis pinsevennrørsla blandar seg inn på verste vis i brasiliansk politikk. I den vakre colombianske Alma del desierto (Ørkensjel) møter vi ei sytti år gamal transkvinne frå wayuufolket som freistar få identitetspapir for å stemme.

Fiksjonen gløymer heller ikkje røynda. I panamanske Querido trópico (Kjære trope) skildrar Ana Endara Mislov eit finurleg forhold mellom ein demenssjuk matriark og ei colombiansk kvinne som passar på henne og ventar på opphaldsløyve. Lorena Alvarado frå Venezuela fortel i Los capítulos perdidos (Dei tapte kapitla) om ei ung jente som kjem heim til eit havarert Caracas for å leite etter gløymde venezuelanske bøker og sjå den sjuke bestemor si.

Eit meir absurd innslag er Pepe av dominikanske Nelson Carlo de los Santos, som blandar røynd og fantasi om flodhesten til Pablo Escobar. Brasilianske Karim Aïnouz med Motel Destino og argentinske Luis Ortega med El Jockey har gått for sprø, stilisert underhaldning. Det gjer godt når verda utanfor er så galen som ho er på Cuba no. Måtte filmfestivalen framleis skape minne framover.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

På veg gjennom Hallormsstadaskógur.

På veg gjennom Hallormsstadaskógur.

Foto: Harald Hognerud

ReportasjeFeature

Nordmenn planta ein million tre på Island

– Kva gjer du når du går deg vill i ein skog på Island?
– Du reiser deg opp!

Ottar Fyllingsnes

President Joe Biden ser på ein kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i New York hausten 2022. For tida går det føre seg eit globalt kappløp for å utvikle stadig kraftigare utgåver.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Samfunn

Mot ein ny teknologisk tidsalder

Om få år kan verda stå overfor ein kvanteteknologisk revolusjon. I Noreg bur næringsliv og tryggingsmiljø seg på ei omvelting ingen enno kjenner dimensjonane av.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis