Kjedeleg
Kva ord er eigentleg meir dekkande for ein pynteleg, søvndyssande, uoriginal film?
Colin Firth og Stanley Tucci spelar høvesvis Sam og Tusker som reiser attende til gamle tomter.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Drama
Regi: Harry Macqueen
Supernova
Med: Colin Firth, Stanley Tucci
Kinofilm
Sam (Firth) og Tusker (Tucci) reiser på den britiske landevegen i bubilen og oppsøkjer stader dei var på i starten av det lange forholdet sitt. Men noko er svært endra: Tusker er i ferd med å utvikla demens.
Alderdommen
Det har ikkje skorta på filmar som tek for seg alderdom og demens dei siste par åra, noko som heldigvis betyr at tema som mange tidlegare skydde av frykt for at publikum ikkje var interessert, no er nærast for moteriktig å rekna.
Tenk berre The Father (2020) med Anthony Hopkins i rolla som demensramma, ei rolle han fekk ein velfortent Oscar for. Eller fjorårsfavoritten min, Oss to, om to franske kvinner og det skjulte forholdet deira, og kva som skjer når den eine vert ramma av slag.
Ingen har vondt av å tenka gjennom desse tinga, og som dei nemnde titlane viser: Det kan verta filmkunst av det attpåtil. Faren er jo at dess fleire tematisk like filmar ein ser, dess meir må det til for at ein føler at noko nytt vert tilført. Og der har du Supernova – som eit halvengasjert forsøk på å framkalla kjensler, mens resultatet er at eg blir meir døsig enn rørt.
Pensøvnig
Dei er eit vakkert par, Sam og Tusker, eit vellukka par: Sam er på veg til ein pianokonsert han skal halda, og Tusker jobbar for å følgja opp karrieren som renommert forfattar. Det blir noko ekstra klamt med at desse to kulturelitistane skal følgjast i si smerte, som om det skal gjera det ekstra tragisk at demens kan ramma også dei aller mest privilegerte.
Så kvifor lét eg meg til samanlikning riva sånn med då eg såg Iris (2001), om den briljante forfattaren Iris Murdoch og kampen hennar mot Alzheimers sjukdom? Hovudforskjellen er kan henda at historia om Iris er sann, men mest av alt at ho er så rå og upynta.
Alt i Supernova ser reint, varmt og delikat ut, som ein katalog for Home & Cottage, og omtrent like føreseieleg. Når det i tillegg er dandert med førande, forførande musikk som ikkje gjer utslag på kjensleregisteret, er det vanskeleg å ikkje duppa av innimellom.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alt i Supernova ser reint, varmt og delikat ut, som ein katalog for Home & Cottage, og omtrent like føreseieleg.
Brit Aksnes
Fleire artiklar
Å utvikle søvnframkallande tomatar ved hjelp av genmodifisering er kanskje ikkje å forbetre evolusjonen, skriv Siri Helle.
Foto: Frank May / NTB
Genteknologi til kva bruk?
Teknologi som endrar gen, er komen for å bli. Men treng vi han i matproduksjonen?
Betlehemsstjerna.
Foto via Wikimedia Commons
2024 eller 2031 etter Kristus?
Når blei Jesus fødd? Kva er utgangspunktet for tidsrekninga vår?
Teikning: May Linn Clement
«Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre.»
Foto: Flamme Forlag
Eit dikt om honning
Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag.
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons