JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Klam klem

Feelgood-filmar bør klara å få meg til å føla meg langt betre enn dette.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sykkelbodet Igor Parat (Alexandre Jollien) vert kjend med gravferdsagenten Louis Caretti (Bernard Campan).

Foto: Another World Entertainment

3932
20230414
3932
20230414

Drama

Regi: Bernard Campan, Alexandre Jollien

Vakre sinn

Med: Bernard Campan, Alexandre Jollien, Tiphaine Daviot

I Lausanne i Sveits kryssar vegane til to menn med svært ulik bakgrunn kvarandre. Godt vaksne Louis (Campan) jobbar i eit gravferdsbyrå, mens halvvaksne Igor (Jollien) leverer økologiske grønsaker frå den spesialbygde sykkelen sin. Han har cerebral parese og eit intenst eksistensielt forhold til livet og ikkje minst døden.

Ei nestenulukke fører dei to mennene saman. Via eit henteoppdrag hamnar Igor baki likvogna og – voilà – det er duka for feelgood danningsferd og tidenes mest velbrukte oppskrift.

No skal eg ikkje skryta på meg å ha for mykje kunnskap om korleis folk med nedsett fysisk funksjonsevne jamt over blir oppfatta i verda, men i dei siste åra har eg med glede observert fleire skodespelarar med funksjonshemmingar. Det blir ikkje gjort noko nummer ut av det, så eg håpar det hjelper til å få vekk stigma som mange utvilsamt opplever.

På andre sida finn vi filmane der heile premissen for filmen er funksjonsnedsetjingane, gjerne spelt av fullt førlege skodespelarar, som Daniel Day-Lewis i Min venstre fot (1989). Den gong fekk ein gjerne Oscar for slikt. Det gjer ein forresten framleis, men no involverer det heldigvis autentiske prestasjonar, som då døve Troy Kotsur i fjor vann Oscar for Coda (2021), basert på den franske filmen Familien Belier (2014). Også Coda fekk Oscar, etter mitt syn på ingen måte fortent. Det var ein suppete, klisjéaktig film og ikkje minst ganske nedlatande i si overdrivne framstilling av ein familie med nedsett høyrselsevne og det at dei faktisk oppfører seg som «normale» folk.

Og her kjem endeleg Vakre sinn inn – filmen er eit oppkome av alle desse klisjeane, blanda med den viktige ingrediensen: eldre mann må få nytt perspektiv på livet, noko han oppnår med å bli kjend med nokon som har større utfordringar enn han sjølv.

Kyniske sinn

Eg får neller av slike filmar, eg får eksem, eg får frysebyer, og eg får lyst å gå frå salen. Når Vakre sinn vekker så mange antipatiar i meg, kan det kanskje koma av at eg er eit kynisk menneske, men eg meiner det heller kjem av kynismen i produksjonen. «Eg treng ikkje seia noko for å gje folk frysningar», svarar Igor då Louis fortel at folk rynkar på nasen av jobben hans.

Og som vill overkompensasjon for at me skal skjøna at Igor er berre fysisk funksjonshemma: Han les filosofi! Han siterer Nietzsche! Han har lyst på sex! For somme er kanskje dette opplysande, men eg blir berre klam og flau langt inn i sjela. Som når han på ganske lite truverdig vis hamnar i eit utdrikkingslag og dei overraskande edruelege gjestene blir obs på kor klok denne raringen Igor er der han legg ut om stoikarane og det gamle Hellas – dei må liksom legga hovudet på skakke, legga handa under haka og sjå rett på han, for er han ikkje berre ufatteleg interessant der han samanliknar livet med ei togferd? Gaaaaah.

Til kort

Vakre sinn er skriven av dei to hovudrolleinnehavarane, som jo gjer det heile noko uangripeleg – dette er skrive med velsigning av den funksjonshemma, og då er vel alt ok. Vel, dei om det – eg synest dette var gyseleg. Og når eg ikkje trur det kan bli verre: inn på scena kjem «prostituert med hjarte av gull». Det er interessant kor lite slitne sexarbeidarar ser ut i slike settingar, og korleis det på så mange måtar er greitt, for kven elles kan få sving på sexlivet til ein med CP?

Akk, det er berre så mange feile ting med denne filmen. For dei som klarar sjå forbi, vel, ekstremt mykje, så kan nok framleis Vakre sinn få stempelet feelgood, sjølv om good er det siste eg føler meg når rulleteksten kjem etter halvannan time. Det beste eg har å seia om filmen, er kanskje nett det at han i det minste er velsigna kort.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast film­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis