Krutsprøyt
Den sjølvfinansierte westernfilmen til Kevin Costner er tre triste, trauste timar.
Oscar-vinnar Kevin Costner regisserer og spelar hovudrolla i westerndramaet som han har finansiert sjølv.
Foto: SF Studios
Western
Regi: Kevin Costner
Horizon: An American Saga - Chapter 1
Med: Kevin Costner, Abbey Lee, Sienna Miller
Kinofilm frå 28. juni
Dei store studioa i USA ville ikkje investere i Horizon, det gigantiske nye prosjektet til Kevin Costner. No har rikingen knust sparegrisen for ein revansj som tradisjonen tru byr på sjefen sjølv i hovudrolla i ein film om «Det ville vesten» i USA under borgarkrigen.
Gamle gønnarar
Det tek lang tid før regissøren viser eige andlet. Det kjennest som om innramminga er meir forseggjord nett då, medan foto elles enkelt kviler seg på fin natur. Haustgule blad i Wyoming er jo flott.
Den innleiande timen introduserer Costner elles tallause figurar som dei som orkar, skal følgje framover. Ein slit med å halde følgje, sjølv om stilen er ekstremt didaktisk, overtydeleg og simpel. Stilistisk, tematisk og musikalsk kjennest det som ei tidsreise der tonane til Jon Bon Jovi til Young Guns kunne dukka opp. Men så forfriskande er ikkje dette mølet. Fløyter og strykarar set alle klutar til frå fyrste scene. Vi får skummel musikk når «indianarar» nærmar seg for å massakrere folk. Omsorgsfulle blonde kvinner er truga. Dei liknar ein Timotei-reklame frå åttiåra. Rett nok er dei blodtørstige blant dei kvite like forelda sjablongar.
«Filmen er full av tull. Costner køyrer kvantitet over kvalitet i alle ledd.»
Håkon Tveit om Horizon
Ein fornuftig kar som veit namna på ulike folkeslag og forstår dynamikken i koloniseringa, verkar nærast som ein anakronisme. Retrorasismen minner meir om dei tidlege åra til Costner sjølv enn dei mest tonedøve klassikarane frå gullalderen innan sjangeren.
Ikkje snakk om Kevin
Eg sleit med å hugsa om Costner er ein god skodespelar eller ikkje, og stoler ikkje på dei vage minna om korleis det gjekk då han regisserte seg sjølv i Danser med ulver (1990) og The Postman (1997). Han skal ha for at han er den beste skodespelaren i første kapittel av Horizon. Karikaturane er pinleg overspelte, og då spesielt dei kjipe.
Sadistiske skurkar, hjelpe-
laust pripne britar og ein vis gamal høvding. Alt er teit. Dialogen er dårleg. I tide til syttiårsdagen sin har Costner ført i pennen seksuell spenning mellom seg sjølv og modellen Abbey Lee, som har halvparten av åra på baken. Søt musikk må til for sexscena. Det utslitne mannlege blikket til filmskaparen er i det minste truverdig.
Filmen er full av tull. Costner køyrer kvantitet over kvalitet i alle ledd. Om dei tre neste delane er like lange, klokkar dette makkverket inn på tolv timar. Herre min hatt! Han freistar vel slå Kruttrøyk, som lenge var verdas lengste serie.
Alt er gamaldags i denne filmen, som høyrer heime på fjernsyn for folk som trur Amerika er eit land. Kanskje Kevin Costner tenkte «they don’t make’em like this anymore». Takk og pris. Denne kan fint gå i gløymeboka.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Han Kang er den fyrste sørkorearen som vinn Nobelprisen i litteratur.
Foto: Yonhap News Agency / NTB
«Det er språkarbeidet og dei poetiske scenene, som råkar lesaren.»
Sørkoreanaren Han Kang får Nobels litteraturpris for 2024
Nihon Hidankyo fekk Nobels fredspris i år. Japanaren overlevde atombomba i Hiroshima i 1945.
Foto: Kim Kyung-Hoon / Reuters / NTB