Kvartetten Air Play har funne gralen etter 42 år.
Elin Rosseland i spissen for kvartetten på Vossa Jazz i år.
Foto: Ådne Dyrnesli
Jazz
Air Play:
Air Play
Elin Rosseland, vokal; Tor Yttredal, sopran- og tenorsaksofon, bassklarinett og altfløyte; Vigleik Storaas, piano; Johannes Eick, bass. Roselyd
Kvintetten Fair Play var aktive i ein tiårsbolk frå 1982. I 1989 kom den sjølvtitulerte plata. For tre år sidan gjekk trommeslagaren i bandet, Trond Kopperud, bort. I år tok dei fire andre opp att tråden under bandnamnet Air Play med konsertar mellom anna på Vossa Jazz og Jazzfest i Trondheim. For ein månad sidan kom plata – som ei hylling til Kopperud og for å blåsa liv i kjernen til bandet som var og er ein levande arv dei framleis deler, som det heiter i presseskrivet.
Sjølv om plata Fair Play til dels hadde eit 80-talspreg, var den velutvikla kammermusikalske samtalen alt då til stades i delar av repertoaret, og denne sida ved musikken er utvikla og reindyrka med Air Play. Bandmedlemene har fordelt komposisjonsoppgåva for dei 13 låtane likeleg mellom seg, og Rosseland har skrive fem av dei seks tekstane. Med unnatak av Yttredals sorgmuntre «Buarque» svingande i eit medium tempo er materialet neddempa og ettertenksamt.
Uttrykket er ein fin miks av det komponerte og det improviserte. Nokre gonger kjem improvisasjonane i ein konvensjonell samanheng, som Yttredals nydelege tenorkor i Storaas’ bittersøte «R.E.Y.S», der Storaas også har skrive teksten.
Aller best er kvartetten når Rosseland, Yttredal og Eick vev saman improviserte melodiske linjer med Storaas’ delikate akkordrekkjer som renning i veven. Den vel 14 minuttar lange suiten «Between Trees, Part 1, 2 and 4» (kor blei det av del 3?) er eit strålande døme på akkurat dette, men dei kjem attende til dette grepet gjennom heile plata. Klasse!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media