Landet der ingen skal mobba kameraten sin
Beskytteren fungerer godt som spelefilm. Verre er det at han kan henda fungerer endå betre som propagandafilm.
Dongyu Zhou i hovudrolla som mobbeofferet Chen Nian.
Foto: Wei Lun Wong / Another World Entertainment
Krimdrama
Regi: Derek Tsang
Beskytteren (Orig. tittel: Shaonian de ni)
Med: Dongyu Zhou, Jackson Yee, Ye Zhou, Fang Yin
Kinofilm
Hendingane denne filmen er basert på, gjekk føre seg i Anqiao søraust for Beijing i 2011. Skuleflinke Chen Nian (D. Zhou) har ingen vener, men det går frå vondt til verre då ei i klassen tek livet av seg, og Wei Lai (Y. Zhou) og gjengen hennar ser seg om etter nytt mobbeoffer. Tilfelle fører til at Chen Nian slår seg saman med den småkriminelle Bei (Yee) som frå no held auga med henne.
Eller?
Kva skal ein meina om ein kinesisk film som omhandlar eit viktig tema, men tydeleg er laga som ein slags reklamefilm for kor flinkt regimet er til å motkjempa mobbing – i eit land der menneskerettar vert brotne over ein låg hæl? Og dette trong ikkje eingong vera noko eg trekte fram, hadde det ikkje vore for at akkurat i det rulleteksten skal starta, så kjem eit par minuttar rein statspropaganda som nesten får meg til å skvetta i setet.
Eg får kjensla av å vera ført bak lyset. For Beskytteren er elles ikkje eit glansbilete av Kina – eller? La meg berre ha det nemnt, iallfall, for med ein Oscar-nominasjon for beste utanlandske film, så er dette aldeles absurd, med tanke på ryktekvitvasking av ein nasjon. Det er mogleg eg overreagerer, men ved å ta inn den sluttsekvensen, vart plutseleg filmen både noko suspekt og ufarleggjort på ein døll måte. Og det er synd, for det er slett ingen dårleg film.
Underleg
Og det er ein særdeles vakker film, eller styggvakker, kanskje. Foto og klipp skal ha mykje av æra for at den ganske sjuskete byen Anqiao framstår så monumental trass i slum og betong. Det heile er neddyngt i eit tidvis unødvendig pompøst lydspor, noko som søtar den bitre handlinga.
Når det er sagt: Beskytteren er grunnleggjande romantisk frå ende til annan – David/Goliat, Bonnie/Clyde, Romeo/Julie, Thelma/Louise, filmen føyer seg inn som ei oss-mot-røkla-historie, der røkla alltid er alle andre, aldri deg sjølv.
Politiet har ei interessant rolle, som tillitsinstitusjon, ei trygg hamn, ein stad å venda seg til om det skal vera ein sjanse for at alt skal ordna seg. At dei tre representantane for politiet er både pene, kule og rettskafne, gjer likevel ikkje at dei får meir lerretstid enn å framstå som nettopp gode representantar.
Eg føler meg absolutt godt underhalden filmen gjennom, likevel går eg frå kinomørkret med ei rar kjensle av at eg akkurat blei ørlite hjernevaska, men at vaskebøtta kom til syne idet eg gjekk ut av salen.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Filmen føyer seg inn som ei oss-mot-røkla-historie, der røkla alltid er alle andre, aldri deg sjølv.
Brit Aksnes om Beskytteren
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.