Livredd lysta
Litteratur, lyst, klasse og kjærleik er kjende ingrediensar i ein nyansert og fin fransk film.
Sami Outabali og Zbeida Belhajamor spelar hovudrollene i den tunisiske filmen som går føre seg i Paris.
Foto: Fidalgo Filmdistribusjon
Drama
Regi: Leyla Bouzid
En historie om kjærlighet og begjær (Orig.tit.: Une histoire d’amour et de désir)
Med: Sami Outalbali, Zbeida Belhajamor, Diong-Kéba Tacy
Kinofilm
Ahmed (Outalbali) byrjar på litteraturstudium ved Sorbonne, ei dryg kollektivreise frå forstaden der han bur med foreldra og systera. Første dag får han dei usikre augo opna på stilk av stilige Farah (Belhajamor). Ho kom nett frå Tunisia. Ho er sjølvsikker og vil leve det bohemske livet i Paris. Han må søke opp «kule stadar i Paris» for å vise henne eit liv han sjølv aldri har opplevd.
Kulturkollisjon
Den tunisiske regissøren Leyla Bouzid studerte òg litteratur på Sorbonne. Der las ingen arabiske forfattarar, men ho kjenner miljøet og sender stødige drypp av nyansar. Her er «bountyarabarar» som er kvite inni, og «zimigri», arbeidsinnvandrarar som aldri tilpassa seg.
Ahmed har aldri vore i Algerie og kan ikkje arabisk. Farah er ei moderne storbyjente frå Tunis som krev respekt. Det handlar om klasse, men òg om generasjonar. Kanskje var familien til Ahmed annleis då dei flykta frå Algerie for å hamne nedst på den franske rangstigen. Ahmed er i spenn. Sjølvforståinga vaklar. Han plagar systera for å forsvare ryktet, men foreldra verkar milde. Venene ser Ahmed som pretensiøs «parisar». I universitetsmiljøet er han framand.
Fransk vår
Studiet av arabisk poesi inkluderer sextipsa i La Jardin parfumé av Cheikh Nefzaoui. Ahmed er forferda. Farah er fascinert. At Tunisia på 1400-talet var i poetisk fyr og flamme, er gløymt av heile verda.
Bouzid held fram med musikalsk styrke frå debuten As I Open My Eyes (2015) om den arabiske våren. Ei konsertscene med Ghalia Benali blir avløyst av rumlande saksofon frå Lucas Gaudin. Dei berande skodespelarane Zbeida Belhajamor og Sami Outalbali er gode. Det knakar i konfliktane. Ho osar verdsvan, han er forknytt. Det tyt ut kjensler av forelsking og kåtskap hjå båe. Sterk sympati med figuren Farah møter dei mange motsetnadane til pripne Ahmed. Balansen er fin.
Tittelen En historie om kjærlighet og begjær skrik tidlause tema. Kombinasjonen med litteratur og klasse er erkefransk. Nett franskklassar bør sjå denne saman på kino. Leyla Bouzid har laga ein nyansert og engasjerande film om ungdom i spenn.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.