Makta er mektig moro
Eg storkoste meg med den leikne, løgne og fengslande fjernsynsserien om Ap.
Kathrine Thorborg Johansen som Gro Harlem Brundtland og Jan Gunnar Røise som Reiulf Steen.
Foto: Erika Hebbert / NRK
Fjernsynsserie
Serieskaparar: Johan Fasting, Silje Storstein og Kristin Grue
Makta
Med: Kathrine Thorborg Johansen, Jan Gunnar Røise, Anders Baasmo
Serie på NRK, episode 1 til 6
Første runde av Makta handlar om leiinga av Arbeidarpartiet frå 1974 til 1981, frå Gro Harlem Brundtland (Johansen) blir presentert som «Kvinne» til ho blir statsminister. Nesten like sentrale er partiformann Reiulf Steen (Røise) og statsminister Odvar Nordli (Baasmo). Det kryr av store namn frå norsk politisk historie, frå ein aldrande Einar Gerhardsen til jyplingen Jens Stoltenberg. Det politiske spelet driv ei fengjande forteljing.
Kvalitet gjennomsyrar rollelista. Kathrine Thorborg Johansen seglar opp som ei av dei store i sin generasjon med si velstuderte og nyanserte rolle som Gro. Jan Gunnar Røise er på sitt beste som ein kalkulerande og lidande Reiulf Steen. Birollene er fylte i fri stil med teft for det beste landet har å by på.
Dei slepp jamvel unna med at ein kar frå Kløfta spelar Einar Førde. Nader Khademi tangerer både sjarmen og luggen til den legendariske høyangringen.
Alle skal med
Freidige løysingar pregar prosjektet. Produksjonsselskapet Motlys står bak flotte filmar som Barn, Ninjababy, Thelma og Håp. Dei har ikkje følgt partiboka for historiske fjernsynsdrama med pertentlege rekonstruksjonar, sjølv om det er mykje tidsriktig stilistisk snop. I opningsteksten har dei klinka til med ein slags H–U–B på tippekupongen: «Basert på sanning, løgn og dårleg minne.»
Frie taumar
Fridomen gjev kreativt spelerom. Ståmopedar, operahus og mobiltelefonar i bakgrunnen bryt tidsbiletet. Skodespelaren Anders Baasmo ser Nordli på fjernsyn, altså mannen han spelar. Trond Espen Seim diskuterer fiksjonen han er ein del av, med kameraet.
Dei første episodane liknar stilen til Armando Ianucci, kjend for seriane The Thick of It og Veep, og filmane In the Loop og The Death of Stalin, alle hemningslaus harselas med politikk. Dette er humor på høgt nivå.
Mangelen på respekt for historiske figurar og den stilistiske leiken har noko sams med ein annan av mine favorittregissørar, Pablo Larraín, som har laga mellom anna Neruda, Jackie og Spencer. Estetiske stilhopp i kjapp klipp og eit uvanleg variert og artig lydspor krydrar snerten satire.
Lærdom
Låtten sit laust frå starten, men dei siste episodane er mørkare. Figurar som får ettermælet sitt søla til, har òg menneskelege trekk, og alle ber ein kime av kynisme. Serien vil underhalde alle, og skammeleg historisk fåkunne er bra for spenninga.
Langt frå alt var betre før. Deprimerande mykje er likt. Ein komité av menn for å finne ei kompetent kvinne er låtteleg, men strukturane kling kjent. Den sosialdemokratiske krisa verkar lik. Makta er ein aktuell historietime vi må ta med trillebårer fulle av salt. Han underheld og opnar for nye ambisjonsnivå på norsk fjernsyn. Dette er vedunderleg vellukka rikskringkasting.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.