Meir, meir!
Sjølv om fyrstesesongen var hakket strammare, finn du ikkje betre norsk TV-drama enn del to av Lykkeland.
Anna Hellevik (Anne Regine Ellingsæter) har gifta seg med Jonathan (Bart Edwards) i andre sesong.
Foto: NRK
Drama
Serieskapar: Synnøve Hørsdal
Lykkeland 2
Med: Anne Regine Ellingsæter, Bart Edwards, Pia Tjelta
NRK
Året er 1977, og Anna Hellevik (Ellingsæter) har vendt tilbake til Stavanger etter fullført grad ved Noregs handelshøgskole og gifta seg med Phillips Petroleum-advokat Jonathan (Edwards). Alt som manglar, er å få seg jobb. Framleis må ho sno seg for å verta teken seriøst i den mannsdominerte oljebransjen.
Oljekvinner
Det er så mykje positivt å ta tak i med båe sesongar av Lykkeland at det er vanskeleg å oppsummera kjapt. Frå dei fyrste opningsbileta (nok ein gong med Lars Vestergaard på foto) med påfølgjande stemningsfull musikk (nok ein gong av komponist Ginge) kjennest det som å få besøk av ein god, gamal ven.
Gjensynsgleda med hovudpersonane er stor, og framleis er Anna ei me heiar på, trass i at ho opptrer både feigt og kaldt i enkelte situasjonar – litt som folk flest, noko som gjer ho endå meir likande. Dette er kvinnesakshistorie vel så mykje som historia om oljenasjonen Noreg, og nyansane kjem fram på godt og vondt.
Heltane er oppdikta, men det som skjedde i kulissane, hestehandlane og kvitvaskinga av vårt rykte som den snille David mot Goliat, er viktig. Den tidlege norske oljeepoken er vidt kjend som ei cowboytid med dei uansvarlege amerikanarane i tet, men bak fanst norske etatar og direktorat som nok såg gjennom fingrane med både eitt og hitt.
Bak kulissane
Også bedehusvinklinga får ein uventa nyansert vri i andresesongen av Lykkeland, på fleire måtar. Til og med den iranske revolusjonen har fått grundig, snedig og velretta plass. Det er i det heile så mange uventa grep på så mange vis at det frydar meg.
Eg har to innvendingar, som går mest på at mykje vil ha meir: Spenninga mellom Anna og Jonathan vert unødvendig underspelt. Lufta går litt ut av ballongen, der han var sprekkeferdig i fyrste sesong. Og så hadde eg håpa at Stavanger Aftenblad-journalist Stig (Rolf Kristian Larsen) skulle få meir plass – både med ein så god skodespelar og med så mykje potensial i gravande journalisme blir Stig berre ein bleik sjablong. To klare forbetringspunkt der, altså, så eg kryssar fingrane for nok ein sesong.
Kor mykje som er historisk korrekt, blir vanskeleg å seia, men me får håpa faktaavdelinga i NRK ikkje opptrer like overflatisk som med Atlantic Crossing i forfjor. Som fiksjonsdrama er dette uansett aldeles strålande handverk, med god hjelp av kostyme- og rekvisittarbeid i toppklassen. Etter å ha sett alle episodane kan eg trygt seia: på gjensyn, Anna Hellevik – og heia, heia!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er i det heile så mange uventa grep på så mange vis at det frydar meg.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.