JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Moroa i Jeanne Du Barry er om mogleg for god til å vera sann

Regissør, manusforfattar og skodespelar Maiwenn Le Besco er aldeles fabelaktig freidig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maïwenn og Johnny Depp i hovudrollene.

Maïwenn og Johnny Depp i hovudrollene.

Foto: Stéphanie Branchu / Another World Entertainment

3231
20231103
3231
20231103

Historisk drama

Regi: Maiwenn

Jeanne Du Barry

Med: Maiwenn, Johnny Depp, Benjamin Lavernhe, Melvil Popaud
Kinofilm

Frankrike, midten av 1700-talet: Fattigjenta Jeanne (Menn) får utvikla intellektet sitt og sjarmen sin for å gå inn i kurtisanebransjen, eit slags elskarinnenettverk for adelen og dei kongelege. Då hallik/elskar monsieur Du Barry (Popaud) føreslår henne for kong Ludvig XV (Depp), opnar eit liv i sus og dus seg for henne. Og sjølv om praksisen med elskarinner var utbreidd, fall det ikkje av den grunn i god jord hos døtrene hans.

Fiksjorie

Maiwenn, altså! Regissør, manusforfattar og skodespelar Maiwenn Le Besco er rett og slett aldeles fabelaktig freidig – ikkje berre hiv ho seg i kast med å få liv innanfor veggane i Versailles og historia kring den elleville hofflivet, ho spelar sjølvsagt hovudrolla som den uimotståelege madame Du Barry. Og sjølv om fakta garantert er godt iblanda fiksjon, er det fascinerande nok at det skulle ha vore i nærleiken av slik det framstår i filmen.

Ludvig XVs meir kjende elskarinne madame du Pompadour er ikkje nemnd, men det er grenser for kva ein tek med – dramaet er omfattande nok, og ein skal jo heia på nokon her, og det er overtydelegvis Jeanne. Kor mykje Maiwenn har lese seg opp på historia, skal ikkje seiast, men at ho har bestemt seg for å heva ei kvinne og ein yrkesstatus opp frå gløymsla, er utan tvil. Og underhaldande er det.

Det skal ikkje så mange googlesøk til for å finna kritikk av nettopp historisk gjengjeving – kongen skal ha vore ein livleg type, langt frå den Johnny Deppske kongen me får her. Maiwenn kunne knapt likna mindre på måleria av den verkelege Jeanne Du Barry, som var kjend for superblondt hår, sukkersøtt fjes og særs fargerik garderobe.

For det meste fjasar Maiwenn rundt med laust hår (eit hår som kunne vore reklame for sjampo) og kvite kjolar. Det er freistande å ta med eit sitat i ei streng melding frå nettstaden som tek for seg kostyme i kostymedrama, FrockFlicks: «Despite it being 1768, their hairstylists all seem to think it’s 1755, while du Barry’s thinks it’s 1777.» Dette har eg ikkje føresetnad for å vita, men eg likar at andre kan opplysa meg. Korleis skal eg elles bedømma eit historisk drama?

Sjå og høyr

Tilsvarande er Jeanne Du Barry ein etikettefest av dimensjonar, berre igjen synd at det nesten ikkje er råd å døma sanningsgehalten igjen. Slik sett var visstnok Sofia Coppolas Marie Antoinette (2006) slett ikkje verst. Det minst tiltalande med Jeanne Du Barry for min del er det enorme fokuset på «kvinner er kvinner verst», så til dei grader at det blir påfallande. Det mest tiltalande er utvilsamt scenografien – og kor herleg det er å sjå all denne prakta på stort lerret og berre fryda seg over forløpet og vita at noko tilsvarande faktisk har skjedd, og at kutymen og etiketten sannsynlegvis var hårreisande, akkurat som parykkane. Så får ein ta det historiske med ei god klype luktesalt og heller sjå på det som ein filmversjon av Se & Hør i Versailles.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis