Nymotens Alien
Trass i rik tradisjon og nytt blod er den nye Alien-filmen middels.
Ei gruppe unge romkolonistar undersøkjer ein forlaten romstasjon og kjem andlet til andlet med det mest skremmande vesenet i verdsrommet.
Foto: The Walt Disney Company Nordic
Science fiction / skrekk / thriller
Regi: Fede Alvarez
Alien: Romulus
Med: Cailee Spaeny, David Jonsson, Archie Renaux, Isabela Merced
Kinofilm
Rain (Spaeny) arbeider for eit griskt selskap på ein planet utan sol. «Broren» Andy (Jonsson) er ein godlynt og keitete android som fortel teite vitsar. Tilsette døyr tett. Kompisen deira Tyler (Renaux) og venene vil rømme via ein forlaten romstasjon. Skal tru om nokre stygge skapningar der vil stagge dei?
«Manus byggjer nok meir på marknadsgranskingar enn fri flyt av kreative tankar.»
Håkon Tveit om Alien: Romulus
Ungdommen
Cailee Spaeny er ikkje Sigourney Weaver. Ho var super i tittelrolla i Priscilla, men er litt snill i stilen her. David Jonsson viser talentet sitt når Andy byter chip. Han slår om frå søt og koseleg til urovekkande målretta. Eg likar at han ikkje ter seg som eit menneske, motsett av den sjarmerande rolla i Rye Lane i fjor. Dei andre figurane er klassisk fyllstoff: ein solid ven, ein uvørden frekkas og ei jente som spyr, som i slike filmar er synonymt med å vere gravid.
Den uruguayanske regissøren Fede Alvarez har erfaring med middels sjangerfilmar i USA. Han tek Alien-rekkja i retning typisk skrekk, i kontrast til meir episke Prometheus frå 2012. Vi møter ein kjekk ungdomsgjeng som må bryne seg på nokre monster. Ein kvepp. Det er ekkelt. Den ikoniske utsjånaden til monstera som frå originale Alien i 1979 framkallar grøss og gru. Men heller enn eit forfriskande innlegg i filmserien kjennest dette kapittelet som eit kalkulert trekk for å nå nye publikumsgrupper.
Mimringa
Manus byggjer nok meir på marknadsgranskingar enn fri flyt av kreative tankar. Ein kan sjå dei fleste vendingar kome. Alt er forklart for grundig. Folk snakkar for mykje. Musikken er massiv. Ei scene er unntaket som minner om at stille er den skumlaste lyden.
Estetikken til farkostar og verktøy er kledeleg mørk og mekanisk. Datamaskinene har design frå tida til dei tidlege Alien-filmane. Diverre har Alien: Romulus òg enkel funksjonalitet. Denne filmserien var det eklaste eg visste for tretti år sidan. Eg fell for nostalgien i ei rolle av Ian Holm. Han døydde i 2020, men han er med ved hjelp av kunstig intelligens. Oppdraget til karakteren hans er å gjere det beste for selskapet. Nett som denne filmen, altså.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Alien
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.