Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Overgang for ein overløpar

Kven gløymer fyrst, den forlatne eller den som forlèt? Transit er uansett ein film du gløymer seint.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Georg (Frank Rogowski) prøver å forlata landet med falske papir.

Foto: Another World Entertainment

3123
20190712
3123
20190712

Drama

Regi: Christian Petzold

Transit

Med: Frank Rogowski, Paula Beer, Godehard Giese

Ved rein slump hamnar identitetspapira og eit par personlege brev tilhøyrande ein kjend tysk forfattar i hendene på Georg (Rogowski), som er i ferd med å forlata Paris før han blir deportert. Han kjem seg via tog til Marseille der enka til forfattaren, Marie (Beer), ventar på mannen. Ho veit ikkje at han er død, og at Georg har tenkt å forlata landet sjøvegen under namnet til ektemannen.

Overstemme

Det fyrste slåande ved denne gjennomgåande slåande filmen er grepet med å leggja andre verdskrig og den tyske okkupasjonen av Paris til vår tid. Det andre er den varme, saklege forteljarstemma som saman med klassisk pianomusikk dreg handlinga framover som ein film noir i fargar. Tradisjonen med voiceover er ikkje mykje brukt i moderne filmar, så effekten er med på å understreka stemninga av førtiåra i notid. Den observerande kommentatoren ser også meir enn det me gjer. Dei nøkterne ansiktsuttrykka vert følgde av setningar som «svolten var grufull», og dermed får me to lag av emosjonar, og det laget me ikkje ser, er minst like viktig. Alle skulle av og til hatt ei forteljarstemme.

Flyktig

Historia til filmen kjem også frå beste noir-tid. Nærare bestemt er boka Transit skriven i 1944 av den prominente tysk-jødiske forfattaren Anna Seghers, som sjølv flykta saman med mann og barn frå den franske hovudstaden til Mexico, der ho dreiv aktivt motstandsarbeid. Såleis kan Transit ved fyrste tanke framstå som Sehgers ferd mot fridom, ei historie ikkje ulik andre krigsforteljingar. Slike finst det diverre fleire av, uansett kva dato ein set på dei. Det å identifisera seg med fortvilinga og håpløysa er verre når ein sit trygt i kinosalen og aldri har følt denne angsten på kroppen. Akkurat så ufatteleg og samstundes uunngåeleg må det for mange, særleg jødar, ha kjenst i samtida. Og det næraste eg kjem til å skjøna det er alle syrarane som på mange vis har hatt det som vi, og som no er reduserte til ei stor, einsarta samling folk under merkelappen «flyktningar».

Presens

Hovudpersonen er ved fyrste augekast så lik Joaquin Phoenix at eg trur det er han som har lært seg tysk. Frank Rogowski lever nok godt med samanlikninga, og innsatsen hans som den vinglete Georg treng ikkje målast opp mot Hollywood. Informasjon om bakgrunnen til hovudpersonane er minimal, her er det notida som tel. Kampen for tilværet trumfar kva samansett menneske ein eingong var.

Nokon rein actionfilm vert Transit aldri, og til tider minnest eg den gongen eg såg operaen Madama Butterfly og tenkte «kan ho snart sjå til å døy eller?!» – mistolkingane og forviklingane vert tidvis i overkant for rastlause sjeler. Men for at det ikkje skal verta siste ord om ein djupt fascinerande film: Ikkje høyr på dei rastlause sjelene, det er lenge mellom slike unike filmatiske opplevingar som Transit.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Nokon rein
actionfilm vert Transit aldri.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis