JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

3516
20241011
3516
20241011

Drama

Regi: Lilja Ingolfsdottir

Elskling

Med: Helga Guren, Oddgeir Thune, Heidi Gjermundsen Broch, Marte Magnusdotter Solem
Kinofilm

Kjærleiken slår ned den i nyskilde småbarnsmora Maria (Guren) når ho treffer den frie musikarsjela Sigmund (Thune). Fleire år og to barn til seinare er det ikkje like heitt mellom dei to, og Maria får sjokk då Sigmund vil ha pause. Og så ho som berre gjer alt for å halda familien gåande!

I beg your pardon

Det går ikkje lang tid før tornane i rosehagen viser seg for sjåaren i Elskling. Alt heilt i starten, før elsklingen sjølv er introdusert, må me vera vitne til kjeklinga mellom Maria og eksmannen, til Maria si såre iakttaking av dei små borna som må tilbringa helga med far sin – utan hennar kyndige, kjærlege omsorg. Det er klart ein unnar henne ny mann – nye lodd, nye vinstar!

Og det skjer friksjonsfritt, enkelt og fint, akkurat som i songen til Lynn Anderson: «love shouldn’t be so melancholy». Han lovar henne aldri noko rosehage heller, men det er nok lettare å setja pris på den fridomselskande mannen når ein ikkje har Familien AS å ta seg av. Kroppsspråket Maria snakkar når han kjem heim ein ettermiddag etter veker på turné, overdøyver orda hennar så det held, og det er så ein får frysningar.

Verdas verste kone

Dei fleste kjenner nokon som har gått gjennom eit samlivsbrot, og som oftast kjenner ein berre til den eine sida av historia, der den ein kjenner, kjem best ut av det. Elskling er som å høyra veninna si fortelja at det var hennar feil at det blei slutt, at ho skjønar det godt, og at ho skulle ynskja ho hadde gjort ting annleis.

På mange måtar er dette klisjeen av martyrmor og martyrkone, ei skikkeleg kjerring som oppfører seg totalt urimeleg overfor den uskuldige, tolmodige mannen, klisjear som vanlegvis ville fått piggane ut på meg.

Men dette er ikkje nokon vanleg film. Langt derifrå. Helga Guren i rolla som verdas verste kone spelar fletta av alle klisjear, og sjølv om eg får lyst å kaldkvela henne, så synest eg mest synd i henne i hennar aukande desperasjon. Ho går i sakte oppløysing framfor auga våre. Sigmund må finna seg i å bli redusert til ein sidekarakter, noko Oddgeir Thune får til med akkurat passe teflonaktige dosar sjarm.

Samspelet deira er så bra at ein kan mista aldeles trua på at det er kjærleiksliv laga om ein får ungar. Nokon oppmuntringstale for fleirkullsfamiliane er det i iallfall ikkje. Huttemegtu.

Terapisk

Det er ganske så klaustrofobisk å vera så tett på karakterane heile tida, og særleg Maria. Filmen er stort sett spelt inn i det kaotisk koselege huset dei deler, og den elegante, men innbydande barnfrie leilegheita ho låner av veninna. Dei er kontrastar, like diskret skrikande som når Maria seier «Jeg elsker deg» og «Fy faen, du er jo bare helt jævlig» i omtrent same andedrag.

Det eksplosive sinnet hennar er fullstendig gjenkjenneleg, og kanskje det at så mykje er gjenkjenneleg, gjer at klaustrofobien kryp seg endå tettare på. Scena mellom Maria og mora ville fått Freud til å spinna rundt sin eigen akse.

Og alle skulle hatt ein parterapeut som den Heidi Gjermundsen Broch spelar. Heile filmen er ein slags parterapi, men eg er ikkje så sikker på om nokon kjem ut av det med forholdet i behald. Men så er det ikkje det som alltid er meininga med parterapi heller.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar

Skam i eit sprøytestikk

Dersom regjeringa verkeleg bryr seg om kvinnehelse, kan dei starte med å gje norske barn den beste HPV-vaksinen.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis