Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Republikken kjempar tilbake

Verdas største filmunivers er tilbake, med uventa emosjonell tyngde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Star Wars: The Last Jedi er åttande film i serien.

Foto: Film Frames Industrial Light & Magic / Lucasfilm

3291
20171215
3291
20171215

Science fiction

Regi: Rian Johnson

Star Wars: The Last Jedi

Med: Mark Hamill, Carrie Fisher, Adam Driver, Daisy Ridley, Oscar Isaac, John Boyega

I ein galakse langt, langt borte går det framleis føre seg ein kamp mellom det gode og det vonde. Star Wars er tilbake, og det er berre å lene seg attende i kinostolen, ta på seg dei popkulturelle brillene og bli med på ein romferdsodyssé med tung filmhistorisk ballast.

Lang ferd

Innleiingsvis har Republikken kniven på strupen. Prinsesse Leia Organa (Fisher) leier no ei motstandsrørsle i sterkt mindretal, og ser ut til å møte endelykta då The New Order med general Hux (Neeson) sporar dei opp og ladar kanonane. Piloten Poe (Isaac) har derimot noko han skulle sagt først, og gir med det Republikken – og filmen – litt lengre levetid. Ganske mykje, skal det vise seg, for dette er to og ein halv time med romleg underhaldning, som på vegen sveipar innom litt for mykje til at eg verkeleg kan friskmelde nye Star Wars. Likevel er det mykje å glede seg over her, og den nye regissøren Rian Johnson har jamt over eit betre og meir originalt grep over filmuniverset enn det J.J Abrams hadde med The Force Awakens (2015).

Skurk med historie

Star Wars: The Last Jedi er åttande film ut i verdas største og viktigaste filmserie. Etter at skaparen sjølv, George Lucas, traumatiserte fleire generasjonar filmentusiastar, oppflaska på dei første Star Wars-filmane, med den utskjelte prequel triology (oppfølgartrilogien frå 1999–2005), var The Force Awakens den store attendekomsten. Heilt frå han dukka opp i førre film, har Adam Drivers Kylo Ren-karakter nærast på eiga hand gjort botsøving for prequelfilmane og det dei prøvde å få til med for eksempel Anakin-rollefiguren. I både The Force Awakens og The Last Jedi uttrykker Driver kva Anakin og Kylo Ren handlar om: ein ung, forvirra mann med ei dragning mot den mørke sida. Driver er det store høgdepunktet også i denne filmen, ein klassisk skurk, men med ei historie som gjer det mogleg å forstå det motsetnadsfylte i han.

Relasjonelle problem

Det same kan vi (dessverre) ikkje seie om fleire av dei andre nye karakterane, som Finn (Boyega) og Rey (Ridley). Likandes som begge rollefigurane er, manglar dei historiene til den første generasjonen. Luke (Hamill) og Leia skin like klårt som stjernehimmelen dei for alltid vil sveve i, og eg skal tilstå, sentimental som eg er, at dødsfallet til Carrie Fisher gir kvar scene ho er med, i ein ekstra dimensjon. Luke har sidan sist vendt seg bort frå Jedi-kallet og emigrert til ein avsondra planet for å leve i fred. Frå førre film veit vi at Rey kom i kontakt med «Krafta» – energien som bind saman heile Star Wars, og som også bind Rey og Luke saman. Men same kor mykje eg liker slike meister–elev-forhold, er det noko flatt over relasjonen deira – eg trur ikkje heilt på han. Då er relasjonen mellom Rey og Ren langt sterkare – og emosjonelt forankra. Scenene der dei «telepatiserer» med kvarandre, er lada med nærver og distanse på same tid, og byggjer også opp mot siste, avsluttande etappe, som gjer meg rørt av fleire grunnar. Republikken og Star Wars lever, sjølv om prinsesse Leia er borte.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er skribent og student.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis