Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

2778
20240503
2778
20240503

Drama

Regi: Emanuele Crialese

Min enestående mor (Orig.tit.: L’immensità)

Med: Luana Giuliani, Penélope Cruz, Patrizio Francioni, María Chiara Goretti
Kinofilm

Ein gong på syttitalet veks trettenåringen Andrea eller Adriana (Giuliani) opp med ei open, leiken husmor (Cruz) og to små sysken (Francioni og Goretti). Faren kjem seint heim frå jobb eller sidesprang og spreier sur stemning. Han er streng. Mot kona Clara er han valdeleg. Når ho og ungane er for seg sjølve, kan dei bryte ut i song og dans, men Clara set òg forbod mot at ungane forlèt huset hjå den øvre middelklassen for å vitje arbeidarklasseborn i skrinne kår. Andrea vil utforske så mangt.

«Luana Giuliani ber hovudrolla godt, med eit søkjande blikk og oppbygd harme.»

Strigla fasadar

Min enestående mor er vakkert innpakka. Kostyme, bilar og spesielt møblar er eit flott syn. Frå den stilige stova har familien panoramaoversikt over den evige stad med Peterskyrkja og det heile. Det kviler ein nostalgisk aura over blikket på barndomen og minna om mora. Samhaldet i arbeidarklassen er noko romantisert, men det heng saman med skildringa av ei fyrste forelsking.

Filmen byggjer tradisjonstru figurar og konfliktliner. Forteljinga er streit, sjølv om leikne brot friskar opp. Penélope Cruz er seg sjølv lik som Clara, jamvel på italiensk. Ho byter truverdig til spansk når kjenslene tek over. Luana Giuliani ber hovudrolla godt, med eit søkjande blikk og oppbygd harme. Faren er ein figur vi har sett mange gonger som valdeleg, utru dritsekk. Det er realistisk nok, sjølv om det ikkje er narrativt spennande.

Frie sjeler

Den norske tittelen syner dei sterke banda Andrea har til mora, sin store allierte. Dei to vil kvar på sitt vis bryte ut frå strenge sosiale rammer. Clara er stengt inne i heimen utan sjanse til å få utløp for kreativiteten sin. Ho vil heller syngje med borna enn slå dei. Andrea vil fri seg frå døypenamnet Adriana, men berre mora forstår og omfamnar trongen.

Ein sentral replikk kjem tidleg frå Andrea: «Er det viktigast kva som er inni eller utanpå?» Dei to frie sjelene treng å sleppe ut alt dei har inni seg. Andrea vil bli astronaut, fallskjermjeger, kva som helst som skjer høgt over frå det klamme grepet til jorda. Men rike romarar er ikkje opne for brot på normene.

Regissøren Emanuele Crialese mimrar om ei svunnen tid samstundes som han angrip konvensjonane som dominerte då han sjølv var barn. Min enestående mor er ikkje det mest originale ein kan tenkje seg, men Crialese fortel ei universell historie med varme og stil.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis