Satirisk og visuelt distinkt om klasse og rase i dagens USA
Riley debuterer med ein grim, men humoristisk samfunnsdiagnose.
Tessa Thompson spelar Detroit og Lakeith Stanfield Cassius Green.
Foto: Doug Emmett / Annapurna Pictures / Arthaus
Sci-Fi / Komedie
Regi: Boots Riley
Sorry to Bother You
Med: Lakeith Stanfield, Tessa Thompson, Armie Hammer
Den afroamerikanske rapparen, produsenten og aktivisten Boots Riley debuterer som regissør med Sorry to Bother You, ein satirisk sci-fi-komedie proppfull av idear. Filmen er som musikken til Riley: sjangerleikande, funky, vittig og politisk.
Den arbeidsledige slappfisken Cassius Green (Stanfield) bur i ein garasje saman med kjærasten Detroit (Thompson). Desperat etter å få seg jobb blir han tilsett som telefonseljar på luseløn. Men Cassius jobbar seg raskt oppover når han tar i bruk ei «kvit stemme» – stemma alle afroamerikanarar må ha for å kunne lykkast.
Både på kontoret og utanfor bryggjer det opp til storm. Firmaet Worry Free, leia av den stormannsgale kapitalisten Steve Lift (Hammer), gir folk arbeid, gratis mat og husvære – mot at arbeidarane signerer ein livstidskontrakt. Slaveparallellen er eksplisitt og fungerer som ein metafor for Cassius’ reise til toppen – og sviket mot sine eigne.
Til spelefilmdebutant å vere har Riley ein imponerande distinkt visuell stil. Filmen går føre seg i eit magisk-realistisk univers, vist gjennom sterke fargar, surrealistiske situasjonar og kreative montasjar. I enkelte scener er filmspråket ein fryd; i andre scener luggar filmen. Det gjeld særleg siste tredjedel. Idérikdommen tar overhand og gjer avslutninga til eit rot. På vegen har likevel Riley på friskt og freidig vis fortalt ei historie om klasse og rase i USA, om kapitalisme og teknologi, om aktivisme og kunst som ein veg ut av mørkret.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sci-Fi / Komedie
Regi: Boots Riley
Sorry to Bother You
Med: Lakeith Stanfield, Tessa Thompson, Armie Hammer
Den afroamerikanske rapparen, produsenten og aktivisten Boots Riley debuterer som regissør med Sorry to Bother You, ein satirisk sci-fi-komedie proppfull av idear. Filmen er som musikken til Riley: sjangerleikande, funky, vittig og politisk.
Den arbeidsledige slappfisken Cassius Green (Stanfield) bur i ein garasje saman med kjærasten Detroit (Thompson). Desperat etter å få seg jobb blir han tilsett som telefonseljar på luseløn. Men Cassius jobbar seg raskt oppover når han tar i bruk ei «kvit stemme» – stemma alle afroamerikanarar må ha for å kunne lykkast.
Både på kontoret og utanfor bryggjer det opp til storm. Firmaet Worry Free, leia av den stormannsgale kapitalisten Steve Lift (Hammer), gir folk arbeid, gratis mat og husvære – mot at arbeidarane signerer ein livstidskontrakt. Slaveparallellen er eksplisitt og fungerer som ein metafor for Cassius’ reise til toppen – og sviket mot sine eigne.
Til spelefilmdebutant å vere har Riley ein imponerande distinkt visuell stil. Filmen går føre seg i eit magisk-realistisk univers, vist gjennom sterke fargar, surrealistiske situasjonar og kreative montasjar. I enkelte scener er filmspråket ein fryd; i andre scener luggar filmen. Det gjeld særleg siste tredjedel. Idérikdommen tar overhand og gjer avslutninga til eit rot. På vegen har likevel Riley på friskt og freidig vis fortalt ei historie om klasse og rase i USA, om kapitalisme og teknologi, om aktivisme og kunst som ein veg ut av mørkret.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.