Skøy tøys
Hit Man er akkurat så fornøyeleg og forgløymeleg som underhaldningsfilmar av og til skal vera.
Glen Powell som Gary Johnson og Adria Arjona som Madison Master i den nyaste filmen til Richard Linklater.
Foto: Brian Roedel / Ymer Media
Komedie
Regi: Richard Linklater
Hit Man
Med: Glen Powell, Adria Arjona, Austin Amelio
Kinofilm
Dette er ei sann historie om ein filosofilærar, Gary Johnsen (Powell), som på fritida hjelpte politiet i Texas å avverja bestillingsmord ved å gje seg ut for å vera leigemordar. Sanninga sklir nok litt ut idet han treffer Madison (Arjona), som vil ha ektemannen drepen, men berre det at mesteparten fram til dette punktet er sant, held for meg.
Agentleg
Det er omtrent ein vits i seg sjølv at filmskaparar vel å setja briller på ein person for å signalisera «ikkje kul». Akkurat så opplagt er det at klassisk stilig mannemann Glen Powell må få briller for å overtyda oss om at han er veldig kjedeleg, veldig vanleg og veldig nerdete.
Eg blir reint nostalgisk! Det er gjennomgåande i filmen at han spelar på den gode, gamle hemmeleg agent-sjangeren, tenk Serpico (1973) eller Face/Off (1997) eller kanskje endå meir, sidan humoren er så til stades, BlacKkKlansman (2018) eller tøysete Kindergarten Cop (1990).
Og regissør Richard Linklater har verkeleg gått for tøysete, i ordets beste forstand. Alle utkledningane til Gary er i seg sjølv underhaldande på ein måte som gjer meg barnsleg glad og lattermild, så blid at eg lèt det skli at kjærleikshistoria her er utruleg banal og lite truverdig. Så er kanskje ikkje alt basert på ei sann historie heller.
Referansefest
Richard Linklater er ein artig fyr, med dei klisseromantiske interrailfilmane Før soloppgang (1995), Før solnedgang (2004) og Før midnatt (2013), det nydelege oppvekstdramaet Boyhood (2014) og komediane Slacker (1990) og Dazed and Confused (1993). Så har du Jack Black-suksessen School of Rock (2003), som viser spennet Linklater opererer i, og som eg vil seia Hit Man lener seg meir mot.
At han slenger inn litt moral og umoral, verkar sjeldan moraliserande, meir motivert av opplagde menneskelege vurderingar som ikkje dermed er djuptloddande på det etiske planet. Ein leigemordar er per definisjon ikkje bra, men når hen går i dei godes teneste, sklir det fort over i ein slags gatejustis me likar på film, men (forhåpentlegvis) ikkje i røynda.
«Regissør Richard Linklater har verkeleg gått for tøysete, i ordets beste forstand.»
Eg ser at denne meldinga inneheld fleire filmreferansar enn vanleg, og då har eg prøvd å avgrensa meg sjølv sidan referansane ramlar inn frå aust og vest dess meir eg assosierer og digrederer – men Hit Man er så spekka med akkurat slikt, og etter mitt syn på aller beste måte, sidan det nører under nostalgien eg nemnde i innleiinga.
At eg kjem til å gløyma både tittelen og kan henda filmen, gjer ingenting, det gjeld sikkert omtrent 80 prosent av alle filmar eg har sett i mitt liv uansett. Eg koste meg her og no, det betyr jo litt, det òg!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media