Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.

Foto: Another World Entertainment

2836
20241206
2836
20241206

Thriller / Skrekkfilm

Regi: JT Mollner

Strange Darling

Med: Willa Fitzgerald, Kyle Gallner, Barbara Hershey, Ed Begley Jr.
Kinofilm

Strange Darling opnar med ei heseblesande jakt der The Lady (Fitzgerald) flyktar med blod i andletet frå ein kokainrusa The Demon (Gallner) i pickup med rutete flanellskjorte og pumpehagle. Sekvensen blir presentert som kapittel nummer tre av seks.

Kva som har leia opp til flukta, får vi vite seinare i kapittel éin og to. Vriar og vendingar kan overraske i denne bloddrypande heisaturen med ein seriemordar på tampen av karrieren.

Estetisk energi

Det første vi får vite, er at filmen er filma på god gamaldags 35 mm-film i breitt scopeformat. Strange Darling glir galant inn i rekkja av skrekkfilmar frå USA som tek nostalgiske visuelle val, slik eg nemnde i meldinga av Heretic sist veke. Jamvel bilane skodar tilbake, som den raude Ford Pintoen The Lady køyrer.

Raudfargen går igjen, som han ofte gjer i skumle, blodige filmar. Folk røyker flittig. Lyset glitrar både på eit dunkelt, glorete motell og då røykskyene til The Lady flimrar i låg sol mellom trea. Den kjende skodespelaren Giovanni Ribisi står for kamera for fyrste gong. Han lukkast. Filmen er ei nyting for augo på ein skiten, gamal måte.

Musikken er kul. Z Berg bidreg med roleg klimpring. Ho syng mellom anna ein kledeleg skjør versjon av «Love Hurts». Craig DeLeon leverer rå, urovekkjande instrumentale tema som ofte krasjar med dei nedpå låtane. Saman står dei to musikarane for ein viktig del av stemninga i filmen. Det blir spennande, ekkelt og intenst.

Klokkekluss

At vi blir kasta fram og tilbake i tid, skapar meir uro. Kronologien tuklar med forståinga vår. Både stemnemøtet som verkar innleie handlinga, og eit møte med to gamle hippiar (Hershley og Begley) er eigna til å forvirre. Det funkar fint.

Leiaren i produksjonsselskapet Miramax skal ha gjort alt han kunne for å hindre regissør JT Mollner i å bryte med ein lineær forteljemåte. Heldigvis vann Mollner krangelen.

Brotet i tidslina er avgjerande for at filmen skal få oss til å tenkje. Noko skurrar rett nok kanskje litt med tanke på kva det særs mannstunge filmproduksjonslaget har for bodskap. «Vald er ingen spøk», seier The Lady, men at dei skapar underhalding av vald, er det liten tvil om.

Filmskapar JT Mollner debuterte med ein uhyre blodig western i Outlaws and Angels i 2016 og held fram med fokus på brutal sjangerfilm. Han står dels i ein trashy, tilbakeskodande tradisjon som liknar den Quentin Tarantino er kjend for. Mollner vil neppe bli ståande som den store filmskaparen for ein generasjon, men teft for filmstil og -historie, det har han.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis