Skrik etter meir oksygen
Livet finn alltid ein veg i Jurassic Park, same kor tynn lufta er.
For den som enno ikkje er lei, er film nummer fem om Jurassic Park på veg.
Foto: UIP
ACTION
Regi: J.A. Bayona
Jurassic World: Fallen Kingdom
Med: Bryce Dallas Howard, Chris Pratt, Ted Levine
Kor mykje luft kan ein presse ut av Jurassic Park-ballongen? Når femte film i serien er her, blir dommen at ballongen nok er tom.
I sentrum av Jurassic World: Fallen Kingdom finn vi også denne gongen Claire (Dallas Howard) og Owen (Pratt). Lagnaden fører dei atter saman når begge blir hyra inn til å evakuere eit utval dinosaurar. Eit vulkanutbrot trugar nemleg alt liv på øya, og der den føderale regjeringa bestemmer seg for at dinosaurane helst kan døy ut, ser andre sitt snitt til å tene pengar.
Det er lenge sidan T.rex-ar og andre forhistoriske skapningar hadde sjokkeffekt. Vi vil sjå folk springe for livet i møte med dinosaurane. Likevel er desse scenene underhaldande, stødig regissert av J.A. Bayona (The Orphanage). Det er manuset og karakterane som skal ha ein smekk på fingrane.
Karakterbygginga i dei to siste filmane har vore prega av forvirring. Kven er dei? Personane går rundt som vandrande etiske motsetningar som gjer éin ting og meiner noko anna. Problemet blir at filmen aldri kontekstualiserer desse motstridande sidene. I den første Jurrasic Park-filmen forstår vi i det minste at Hammond-karakteren har sett seg blind på sin eigen draum.
Så filmen prøver ein litt annan veg, nemleg å gi ein dinosaur litt personlegdom. Raptoren «Blue» viser teikn til menneskelege eigenskapar som empati og altruisme. Men også her blir motsetninga forvirrande – for eigentleg er jo desse dinosaurane livsfarlege. Samtidig skal vi gråte over at ein brontosaurus døyr. Det er augeblinken meir enn logikken som styrer i Jurassic-verda.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.